Shirley Temple

amerikansk skodespelar

Shirley Temple Black (23. april 192810. februar 2014)[2] var ein amerikansk skodespelar og diplomat. Ho vert rekna som tidenes største barneskodespelar.[3]

Shirley Temple

Fødd23. april 1928
FødestadSanta Monica
Død10. februar 2014 (85 år)
DødsstadWoodside
FødenamnShirley Jane Temple[1]
Aktive år1932, 1967–1963, 1992
Verka somskodespelar, filmskodespelar, songar, diplomat, barneskodespelar, dansar, fjernsynsskodespelar, politikar
MorGertrude Amelia Temple
FarGeorge Francis Temple
EktefelleJohn Agar, Charles Alden Black
Born3
PrisarAcademy Juvenile Award, Screen Actors Guild Life Achievement Award, Kennedy Center Honors, æresborger av Plzeň, Golden Plate Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame
Shirley Temple med Canadas statsminister William Lyon Mackenzie King i 1944.

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Shirley Temple var dotter av George Francis Temple (1888–1980) og kona hans Gertrude Amelia Krieger (1893–1977). Allereie som treåring byrja ho på danseskule i Los Angeles. Der vart ho oppdaga av Charles Lamont, og vart ei såkalla barnestjerne.

Karriere endre

Ein av dei fyrste filmrollene til Temple var i musikalen Bright Eyes (1934), som ho vann ein Oscar for. Ho medverka i eit stort tal filmar i 1930-åra, og var ei av dei største filmstjernene på den tida. Temple trekte seg tilbake frå rampelyset i byrjinga av tjueårsalderen.

Då Temple var 16 år gammal gifta ho seg med skodespelaren John Agar, og dei fekk ei dotter. Dei skilde seg ganske snart, og i 1950 gifta ho seg med forretningsmannen Charles Alden Black som ho fekk to barn saman med.

Temple vart seinare politisk interessert og vart medlem av Det republikanske partiet. I 1967 prøvde ho å verte vald inn i Kongressen, utan å lukkast. Ho fekk i staden fleire diplomat-oppdrag, då ho blant anna deltok ved fleire internasjonale konferansar og møter som delegat frå USA. Ho var ambassadør i Ghana, og seinare i Tsjekkoslovakia.[4] I 1976 vart ho protokollsjef for USA, og var i denne stillinga ansvarleg for alle USA sine seremoniar, besøk og gåver til utanlandske dignitærar. Temple var også styremedlem i fleire større føretak, som The Walt Disney Company og Del Monte Foods.

Shirley Temple har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1998 vart ho tildelt Kennedy Center Honors. I 1999 vart Temple kåra til tidenes 18. største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.[5]

Filmografi endre

Temple var ein skodespelar som var aktiv i filmindustrien frå 1932 til 1949. Ho var med i fleire kortfilmar om livet hennar og til andre skodespelarar som ho arbeidde med i løpet av karrieren sin.[6]

Spelefilmar endre

År Film Rolle
1932 The Red-Haired Alibi Gloria Shelton
1933 Out All Night Barn (som Shirley Jane Temple)
To the Last Man Mary Stanley (ikkje kreditert)
1934 Carolina Joan Connelly (ikkje kreditert)
Mandalay (scener slettet)
As the Earth Turns Barn (ikkje kreditert)
Stand Up and Cheer! Shirley Dugan
Change of Heart Shirley – Jente på flyet (ikkje kreditert)
Little Miss Marker Marthy 'Marky' Jane
Now I'll Tell Mary Doran
Baby Take a Bow Shirley Ellison
Now and Forever Penelope «Penny» Day
Bright Eyes Shirley Blake
1935 The Little Colonel Lloyd Sherman
Our Little Girl Molly Middleton
Curly Top Elizabeth Blair
The Littlest Rebel Virginia «Virgie» Cary
1936 Captain January Helen «Star» Mason
Poor Little Rich Girl Barbara Berry
Dimples Sylvia «Dimples» Dolores Appleby
Stowaway Barbara «Ching-Ching» Stewart
1937 Wee Willie Winkie Priscilla «Winkie» Williams

År Film Rolle
1937 Heidi Heidi Kramer
Ali Baba Goes to Town Som seg sjølv (ikkje kreditert)
1938 Rebecca of Sunnybrook Farm Rebecca Winstead
Little Miss Broadway Betsy Brown Shea
Just Around the Corner Penny Hale
1939 The Little Princess Sarah Crewe
Susannah of the Mounties Susannah 'Sue' Sheldon
1940 The Blue Bird Mytyl
Young People Wendy Ballantine
1941 Kathleen Kathleen Davis
1942 Miss Annie Rooney Annie Rooney
1944 Since You Went Away Bridget 'Brig' Hilton
I'll Be Seeing You Barbara Marshall
1945 Kiss and Tell Corliss Archer
1947 Honeymoon Barbara Olmstead
The Bachelor and the Bobby-Soxer Susan
That Hagen Girl Mary Hagen
1948 Fort Apache Philadelphia Thursday
1949 Mr. Belvedere Goes to College Ellen Baker
Adventure in Baltimore Dinah Sheldon
The Story of Seabiscuit Margaret O'Hara Knowles
A Kiss for Corliss Corliss Archer

Kortfilmar endre

Dei fleste filmane i perioden frå 1933 til 1934 vart produserte som ein del av serien Baby Burlesks.

År Film Rolle
1932 Kid's Last Stand Girl
Runt Page Lulu Parsnips (ikkje kreditert)
War Babies Charmaine
The Pie-Covered Wagon Shirley
1933 Glad Rags to Riches Nell/La Belle Diaperina
Kid in Hollywood Morelegs Sweettrick
The Kid's Last Fight Shirley
Polly Tix in Washington Polly Tix
Kid 'in' Africa Madame Cradlebait
Merrily Yours Merry Lou Rogers
New Deal Rhythm Jenta som ikkje likte spinat (ikkje kreditert)

År Film Rolle
1933 Dora's Dunking Doughnuts Shirley
What's to Do? Mary Lou Rogers
1934 Pardon My Pups Mary Lou Rogers
Managed Money Mary Lou Rogers
The Hollywood Gad-About Som seg sjølv
1939 The Autograph Hound Som seg sjølv
1942 Our Girl Shirley Som seg sjølv
1946 American Creed

Kjelder endre

  1. «The Birth of Shirley Temple». California Birth Index. Arkivert frå originalen 9. juni 2021. Henta 9. juni 2021. 
  2. «Shirley Temple, former Hollywood child star, dies at 85». Reuters. 11. februar 2014. Arkivert frå originalen 11. april 2019. Henta 11. februar 2014. 
  3. Håkonsen, Rune (11. februar 2014). «Hollywood-stjerna Shirley Temple er død» (på norsk). NRK.no. 
  4. Joshua Keating, "Shirley Temple Black's Unlikely Diplomatic Career: Including an Encounter with Frank Zappa" Arkivert 5. mai 2014 ved Wayback Machine. Slate, 11. februar 2014.
  5. «AFI's 100 Years...100 Stars» (på engelsk). Det amerikanske filminstituttet. 
  6. Shirley Temple i IMDb.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Shirley Temple