Shuozhou

Shuozhou (kinesisk: 朔州市, pinyin: Shuòzhōu) er eit byprefektur nordvest i provinsen Shanxi i det nordlege Kina, der det i vest grensar mot provinsen Indre Mongolia. Byprefekturet har eit areal på 10 662 km² og hadde vel 1,7 millionar ibuarar i 2010.

Plasseringa av Shuozhou (gul) i Shanxi

Byprefekturet Shuozhou omfattar to distrikt (区 ) og fire fylke (县 xiàn).

NæringEndra

Shuozhou har mykje næringsverksemd knytt til gruvedrift etter ulike mineral som kol, jarn, bauxitt, glimmer, mangan og grafitt. Andre viktige næringar er kjemisk industri, landbruk, keramikkproduksjon, samt fiskeindustri.

KjelderEndra