Sideform
Sideform eller klammeform var i norsk rettskriving skriveformer eller bøyingsformer som var rekna som korrekte, men som likevel ikkje var tillatne i lærebøker og i institusjonar som hadde ein strammare normal. Her måtte ein i staden bruka hovudformer.
Omgrepet vart første gong brukt i norsk språknormering i 1901, då Arne Garborgs og Rasmus Flos «midlandsnormal» vart underkjent som offisiell landsmålsrettskrining, men godkjent som sideform, «etla til bruk i folkeskulen i bygder eller byar som maatte ynskja det».[1]
I 1910 vart det innført nokre valfrie sideformer i Hægstad-normalen. Til dømes slapp dei r-lause formene i bunden form fleirtal hankjønn og hokjønn inn i normalen (gutarne eller gutane, gjentorne eller gjentone), og ubunden form av svake hokjønnsord fekk -e ved sida av den tradisjonelle forma -a (ei visa eller ei vise).[2] I rettskrivinga av 1917 vart dei valfrie formene markerte med klammeparentes i ordlistene.
I bokmål vart systemet med sideformer avskaffa gjennom rettskrivinga av 2005. I nynorsk vart skiljet avskaffa gjennom rettskrivinga av 2012.