Signy Arctander

norsk økonom

Signy Anette Arctander (fødd 26. oktober 1895 i Bergen, død 23. september 1971 i Oslo) var ein norsk statistikar.

Signy Arctander
SignyArctander.png
Fødd26. oktober 1895
Bergen
Død23. september 1971
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkesamfunnsøkonom, statistikar, matematikar
Alma materUniversitetet i Oslo

Ho var dotter av Sofus Anton Birger Arctander.

Signy Arctander vart cand.oecon. i 1919 og var sekretær i Statistisk Sentralbyrå frå 1920. Frå 1946 vart ho byråsjef, i 1955-1965 var ho underdirektør og frå 1960 til 1963 var ho konstituert direktør. Ho var på den tida den høgaste plasserte norske kvinnelege tenestemann. Ho skreiv fleire avhandlingar som sosiale emne.

Under den andre verdskrigen vart Signy Arctander verva av direktøren i byrået, Gunnar Jahn, til illegalt motstandsarbeid. I 1944 vart ho fengsla og sat på Grini fram til frigjeringa.

Ho var medlem av Statens lønskomité av 1946 og av Likelønskomiteen av 1949. Ho sat i tillegg som norsk representant i Nordisk ekspertkommisjon for samordning av lønsstatistikken, var styremedlem i Norsk forening for sosialt arbeid og Norsk statistisk forening. I 1966 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

VerkEndra

  • Miljøundersøkelse for Oslo, 1928
  • Hvordan går det våre vergerådsbarn? (saman med S. Dahlstrøm), 1932 (også utgjeve med tittelen Social oplysning, 1932)
  • De sosiale forholds betydning for individets utvikling, i Sosialt arbeid 1932
  • Kvinnelige akademikere i sosial forskning, i Kvinnelige studenter 1882–1932, 1932
  • Vergerådsopdragelsen og dens resultater, 1936
  • Arbeidsvilkår for hushjelp, 1937
  • Kamerat-klubben 1912–1937, 1937
  • Den sosiale forskning og kampen mot samfunnssykdommene, i R. Vogt (red.): Frihet – sannhet. Festskrift til Johan Scharffenberg, 1939
  • Kvinnen i ervervslivet, 1952
  • Sosialstatistikkens historie i Norge gjennom 100 år, 1952
  • Den offisielle statistikks historie 1–4, 1970–72

KjelderEndra