Sigrid

kvinnenamn

Sigrid (stundom skrive Sigri) er eit kvinnenamn av norrønt Sigríðr som er samansett av orda for «siger» og «vakker». Ei meir opphavleg form av namnet var Sigfríðr, og dette namnet er òg bruka i nyare tid i forma Sigfrid. Ei vanleg målføreform av namnet er Siri, medan Siren er ei nyare form.

Sigrid Eriksdotter Vasa.
Sigrid Undset.

Sigrid har norsk namnedag den 12. juni og svensk den 15. september, likt den avleidde forma Siri.

Bruken av namnet endre

Den eldste bruken av namnet kjend i Sverige er ei runeinnskrift frå 1000-talet på ein stein i Mervalla i Södermanland: Sigrid let reisa denne steinen etter Sven, maken sin. Han hade ofta segla til Zemgale med ein dyrebar knarr, om Domenäs.

I tillegg til Noreg, Danmark og Sverige er Sigrid også mykje brukt i Tyskland medan forma Sigríður er brukt på Island.

Noreg endre

Sigrid hadde størst utbreiing i Noreg i tiåra rundt 1900, men gjekk kraftig ned i bruk fram mot 1970-åra. Sidan då har bruken av namnet fått ein ny oppsving. I 2007 er det om lag 7 400 nordmenn som har Sigrid som første førenamn.

  • I 1801 var om lag 3800 manntallsførte med namnet Sigri, Sigrid eller Sigrie (sjå òg Siri).
  • I 1900 var om lag 11 200 manntallsførte med namnet Sigrid eller Sigri.
  • Per 1.1.2007 har vel 7500 personar Sigri(d) til første fornamn.

Kjende namneberarar endre

Fram til mellomalderen endre

Moderne tid endre

Annan bruk av namnet endre

Sigrid er namnet på ferja mellom Sandnessjøen og Bjørn på Dønna.

Bakgrunnsstoff endre

Andre kjelder endre