Sigurd H. Jacobsen

norsk politikar

Sigurd Haakon Jacobsen (17. november 189320. mai 1976) var ein norsk smed, fabrikkeigar og politikar frå Bleik i Nordland. Han var stortingsmann 1937-45, vald for Samfundspartiet.

Sigurd H. Jacobsen
Fødd17. november 1893
Bleik
Død20. mai 1976 (82 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSamfundspartiet
Yrkepolitikar, smed, forretningsdrivande, røyrleggjar, fiskar, bonde
Alle verv

Far til Jacobsen var gardbrukar og smed. Sjølv deltok han i yngre år i fiske og arbeidde på gard. Han gjekk i smedlære på ulike verkstader, mellom andre hos Samuelsens Smedforretning & Pengeskapsfabrik i Bergen. Fleire stader, som Honningsvåg, Harstad, Andenes, var han i arbeid som røyrleggar. Frå 1920 dreiv han eiga smie på heimstaden Bleik. I 1942 kjøpte han hermetikkfabrikken Bleik Canning.

Jacobsen var 1934-47 medlem i heradsstyret i Andenes. Gjennom åra var han med i likningsnemnda, skulestyret og styremedlem i Andenes kraftverk og vannverk. Hausten 1936 vart han vald til stortingsrepresentant frå valkrinsen Nordland og Samfundspartiet. Perioden 1937–45 var han den siste som representerte det partiet på Stortinget. Han var medlem i Post-, telegraf- og kystfartskomitéen.

Kjelder endre