Bleik er ein tettstad og fiskevær i Andøy kommune i Nordland fylke. Staden ligg på nordvestsida av Andøya, om lag ti kilometer frå Andenes. Tettstaden har 456 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Bleik
tettstad
Bleik og Bleiksøya sett frå fjellet Røyken
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Andøy
Areal 0,38 km²
Folketal 456  (2023)
Folketettleik 1 200 / km²
Postnummer 8481 BLEIK
Preposisjon Bleik
Kart
Bleik
69°16′21″N 15°57′20″E / 69.27262°N 15.95544°E / 69.27262; 15.95544
Wikimedia Commons: Bleik
Tettstaden og fiskeværet Bleik.
Teikning: Finn Bjørklid

Namnet kjem truleg frå gammalnorsk bleikr - ljos, etter den ljose sandstranda, eller av blikk - den blikkstille som kan vere inne ved Bleik sjølv om nordausten står på ute i havet.

Bleik har ein særprega klyngebusetnad og næringsgrunnlaget er hovudsakleg fisketilverking og fiskeindustri, mekanisk verkstad. I 1925 vart store delar av husa øydelagt i ein storstorm. Ein gammal gardshaug kan sporast tilbake til 600 e. Kr og har ei djubde på 6 m.

Det kjente fuglefjellet Bleiksøya ligg rett utanfor Bleik, innanfor ligg Bleiksmorena naturreservat.

Bleik var den første staden i Vesterålen som tok i bruk eit vasskraftverk til straumproduksjon. Bleikselva vart demt opp, og kraftverket vart sett i drift 9. oktober 1904. Det leverte frå starten av 25 kW, nok til ljos til ca. 50 husstandar.[1]

Kjelder

endre
  1. Trollfjord Kraft (red. Øystein Rysst): ...i hundre 1907-2007. Elektrisitetens hundreårige historie i Hadsel. Stokmarknes 2007. ISBN 978-82-303-0874-5

Bakgrunnsstoff

endre