Opna hovudmenyen
Sigurd Magnusson er også namnet til Sigurd Jorsalfare

Sigurd Magnusson var ein norsk tronkrevjar i borgarkrigstida. Han levde i tida frå om lag 1180 til 1194. Sigurd var son av kong Magnus V Erlingsson.

Sigurd vart utropt til konge i 1193 av øyskjegganeHaugating utanfor Tønsberg. Han fall året etter i slaget ved Florvåg. Florvåg ligg på Askøy ved Bergen.

Kong Sverre Sigurdsson og birkebeinane slost mot Sigurd Magnusson og øyskjeggane. Øyskjeggane hadde kringsett Bergen ( Bjørgvin) men dei hadde ikkje teke borga Sverresborg. Kong Sverre kom til Gravdal med ei stor flåte, han rodde over til Florvågøya og høyrde kva Sigurd og mennene hans planla. Palmesundag morgon, den 3. april 1194 stod slaget. Kong Sverre vann, men om lag 2500 mann vart drepne i det blodige slaget. Liket av kong Sverre Magnusson lét Sverre visa fram i Bergen. Så vart det gravlagd på Mariakyrkjegarden (dette kan vera ved Mariakyrkja i Bergen).