Sigurd Mathiesen (13. juli 187120. mai 1958) var ein norsk forfattar frå Langesund. Han skreiv stemningsfulle verk med grunndrag frå nyromantikken, gjerne kring figurar med «spente sinn».

Sigurd Mathiesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juli 1871
Larvik
Død

20. mai 1958 (86 år)
Langesund

Yrke skribent, lyrikar
Ektefelle Anna Munch

Mathiesen debuterte i 1903 med novellesamlinga Unge sjæle og romanen Hide Unas. Seinare kom mellom andre Nag (1906), Augustnætter (1907), Hjemlig jord (1908), Den evige krig (1921), novellesamlinga Lykkens vang (1924) og dagbokromanen Johannes Veum (1927). Dessutan gav han ut skodespelet Satan som seirer (1910) og diktsamlinga Gjennem aarene (1917).

Under psevdonymet Leo Lønn gav Matiesen ut dei kulturhistoriske romanane Dengang – I den gamle kjøbmandsgaard og I den gamle kjøbmandsgaard i 1933-34, og En ny tid, den siste i 1950 under eige namn.

Mathiesen var gift med forfattaren Anna Munch.

Verk endre

Sigurd Mathiesen gav totalt ut seksten bøker som inneheldt noveller, romaner, dikt og skodespel.

  • Unge sjæle: Syv fortællinger (1903)
  • Hide Unas (1903)
  • Nag (1906)
  • Augustnætter: En kvindes optegnelser (1906)
  • Hjemlig jord: Fortællinger (1908)
  • Satan som seirer: Drama i fem akter (1910)
  • Under korsets tegn (1913)
  • Det urolige hus (1914)
  • Gjenom aarene: Vers (1917)
  • Francis Rose: Barndom og ungdom (1918)
  • Den evige krig (1921)
  • Lykkens vang: Fortællinger (1924)
  • Johannes Veum (1927)
  • Dengang: I den gamle kjøbmandsgaard (Første band i ein romantrilogi om Larvik i perioden 1848–1884. Skrive under psevdonymet «Leo Lønn» 1933)
  • I den gamle kjøbmandsgaard (Andre bind band i ein romantrilogi om Larvik i perioden 1848–1884. Skrive under psevdonymet «Leo Lønn» 1934)
  • En ny tid (band i ein romantrilogi om Larvik i perioden 1848–1884. Skrive under psevdonymet «Leo Lønn» 1950)
  • Mitt liv (Sjølvbiografisk avisartikkel 1951)

I 1999 blei Unge sjeler og andre noveller gjenutgjeven på Aschehoug forlag av Knut Brynhildsvoll. Boka blei også omsett til tysk og russisk.

I 2008 var det femti år sidan Sigurd Mathisen døydde. Aschehoug forlag lanserte i dette høvet Brynhildsvoll si 300 sider lange store studie om Mathiesens debutverk Unge sjæle: Syv fortællinger, med tittelen Sigurd Mathiesen. Norges bortglemte laurbærblad. Same året gav plateselskapet Grappa i samarbeid med Køppen forlag ut ei lydbok i serien Mørkets mestere, der forfattaren Hans Herbjørnsrud las to av Sigurd Mathiesen sine noveller, «Blodtirsdagen» og «Den sorte uke». Denne utgjevinga blei kåra til «Årets lydbok» av Fredrik Wandrup i Dagbladet 24.12.2008.[1]

Kjelder endre

  1. «Mørkets mestere». Arkivert frå originalen 17. september 2014. Henta 17. september 2014.