Sikringsnål er eit festemiddel danna av ei nål festa i ein boge og ei klemme. Bogen er fjøra og gjer at nåla sprett ut når ho ikkje er festa i klemma. Klemma gjer også at ein ikkje stikk seg på spissen av nåla.

Sikringsnål

Ein kan til dømes bruka sikringsnål til å binda saman tøystykke. Ho kan også brukast symbolsk eller dekorativt.

Historie

endre
 
Fibulaer brukte av ein romersk soldat. Den øvste manglar nål.

Fibula er ein gammal type brosje som blei brukt i tidleg europeisk bronsealder. Ei tidleg form var laga av to nåler der den eine danna bogen og den andre hadde eit hol i enden. Enden av den boga nåla blei festa i holet. I ei anna utforming var midten av nåla snodd til ein runding. Eine enden var bøygd slik at den andre kunne festast i han.[1]

Greske kvinner brukte fibula til å halda tunikaen på plass.[2] Etruskarane brukte fibula til å feste kapper og andre klede. Romarane brukte dei til å festa togaar. Fibulaer var synlege når ein brukte dei, og kunne difor ha kunstnarisk utforming.[1] I nyare tid blir dekorative sikringsnåler brukt nedst på kiltar for å hindra stoffet frå å flyga opp.[3]

I 1849 tok den amerikanske oppfinnaren Walter Hunt patent på ei sikringsnål med ei klemme som gjorde at ein ikkje kunne stikka seg på nålspissen når nåla var lukka.[1]

Kultur

endre

Sikringsnåler kan brukast til å festa lukkebringande amulettar til kleda til småbarn. I nokre høve kan dette vera uheldig dersom nåla lausnar og barnet svel henne.[4] Ein kan også festa ei sikringsnål på innsida av kleda til barn for å verna mot vonde ånder, som i ukrainsk kultur, eller nær magen til ei svanger kvinne for å verna det ufødde barnet, som i meksikansk kultur.[1]

Sikringsnåler har vore mykje brukt som dekor innan pønkkulturen som utvikla seg frå slutten av 1970-talet. Ein kunne både bruka dei i kleda, som piercing og smykke.[5][6] Kjende pønkarar som brukt sikringsnåler både til å halda saman klede og som dekorasjon var Richard Hell[7] og Johnny Rotten.[8]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Caballar, Rina (15. november 2016), «Three Millennia of Safety Pins», The Atlantic (på engelsk), henta 10. oktober 2020 
  2. «Brooches and Pins | LoveToKnow». LoveToKnow (på engelsk). Henta 6. mai 2018. 
  3. «Stubborn Stag Antler Kilt Pins and Sgian Dubh Scottish Red Deer gifts Made in Scotland», www.stubbornstag.co.uk, henta 10. oktober 2020 
  4. Türkyilmaz Z, Karabulut R, Sönmez K, Basaklar AC, Kale N (2007). «A new method for the removal of safety pins ingested by children» (PDF). Annals of the Academy of Medicine, Singapore 36 (3): 206–7. PMID 17450267. 
  5. Punks: A Guide to an American Subculture, s. 53, Sharon M. Hannon, ABC-CLIO, 2010
  6. Young, Sarah, The safety pin returns as punk becomes more relevant than ever. The Independent, 17. oktober 2016.
  7. Finney, Ross, A Blank Generation: Richard Hell and American Punk Rock. University of Notre Dame, Department of American Studies. s. 40
  8. Inside the Met's New Exhibit, 'Punk: Chaos to Couture' Arkivert 2017-02-10 ved Wayback Machine.. Rolling Stone, 7. mai 2013.