Brosje eller nål er ein dekorativ smykketype som ein kan festa på klede, i nokre høve for å halda dei fast eller saman. Brosjer er vanlegvis laga av metall, ofte sølv eller gull. Dei er ofte pynta med emalje eller smykkesteinar. Dei eldste kjende brosjene er frå bronsealderen. Ettersom brosjemote endra seg ganske raskt, er brosjer viktige kronologiske peikepinnar. Mange gamle europeiske brosje funne i arkeologi blir omftalet med den latinske nemninga fibula.

Vengebrosje frå 100-talet, Metropolitan Museum of Art

Førhistoriske brosjer endre

Brosjer var kjende som fibula (fleirtal fibulae) før to mellomalderen. Desse dekorative gjenstandane som blei brukt til å halda fast klede blei først laga i bronsealderen. Under jernalderen i Europa hadde metallarbeidteknologi utvikla seg kraftig. Nyare tekningar som støyping, metallstongvriing og metalltrådmaking gjorde at ein kunne laga mange nye gjenstandtypar, mellom anna fibula.[1][1] I Europa laga keltiske handverkarar fibulaer pynta med raud emalje og inkrustering av korall så tidleg som 400 f.Kr.[2][2]

Dei eldste kjende brosjene frå Storbritannia blei laga frå 600 til 150 f.Kr. Dei vanlegaste brosjetypane i denne perioden var boge, plate og i mindre mengder ringspenner. Britiske jernalderbrosjer er typisk støypte i eit stykke, og dei fleste er laga av kopar eller jern. Før siste delen av jernalderen brukte ein sjeldan gull og sølv til å laga smykke.[3]

Mellomalderbrosjer endre

Folkevandringstida endre

Germanske folk laga særmerkt metallarbeid frå 300- til 700-talet i ein stil kjend som germansk kunst. På 400- og 500-talet vandra germanske stammar til fire ulike område i Europa etter at Romarriket fall.

Stammane var visigota som slo seg nedi Spania, ostrogotar i austlege Tyskland og Austerrike, frankarar i vestlege Tyskland, lombardar i nordlege Italia og angelsaksarar i England. Ettersom stammane var nært knytte i opphav, og smykkemakingteknikkane deira var slåande like, blei verka til desse folka først omtalt som barbarisk kunst og seinare germansk kunst eller kunst frå folkevandringstida (engelsk Migration period art).[4]

Brosjer frå denne perioden blei utvikla med påverknad frå seinromerske og nye germanske kunstformer, formgjeving og teknologi.[4] Metallarbeidarar i heile Vest-Europa skapte fargerike, livfulle og teknisk framifrå smykke.[5] Brosjer frå denne perioden kan vera laga i teknikkar frå romersk kunst: opptrykking, filigran, granulering, emalje, à jour-innfatting og inkrustering, men det er inkrustering handverkarane frå denne perioden er best kjende for. Deira sans for farge gjer arbeida deira særmerkte. Farge er hovudtrekket til smykke frå folkevandringstida. Den vanlegaste smykkesteinen i brosjene var almandin, ein burgundarfarga varietet av granat som er funnen i Europa og India.[6]

Brosjedesign var talrike og varierte: Geometrisk dekorasjon, intrikate mønster, abstrakte design frå naturen, fuglemotiv og bordar.[7] Dyreornamentikk var eit vanleg element i denne perioden. Samanfiltra dyr var eit særmerke for desse livlege, intrikat dekorerte brosjene.[8] Bogeforma, S-forma, strålehovud- og dekorerte skivebrosjer var dei vanlegadse stilane under folkevandringstida, frå 400- til 600-talet.[9]

Angelsaksiske brosjer endre

Dei fleste brosjer frå tidleg angelsaksisk tid i England hadde kontinentale stilar som var innførte frå Fastlands-Europa og Skandinavia. Den lange brosjestilen var vanlegast i England på 400- og 500-talet. Runde brosjer opptredde fyrst i England på midten av 400-talrt.[10] På 500-talet byrja handverkarar frå Kent å laga brosjer med sine eigne distinktive stilar og teknikkar.[11] Runde brosjer var mest populære ved slutten av 500-talet.[12] På 600-talet gjekk brosjebruken i England tibake.[12] Dei kom tilbake på 700-talet, og fortsette å vera populære fram til enden av den angelsaksiske tida.[11]

Brosjer var som regel rundt frå midten av til sein angelsaksisk tid. I denne perioden føretrekte ein skivebrosjer som var ringforma og sette med steinar. Dei runde formene kan grovdelast i emaljerte og ikkje-emaljerte stilar.[11] Det fanst også nokre stilar som ikkje var runde på 700- til 1000-talet. Stilar med handtak, sikringsnål, stripe og eit par andre høyrer til denne gruppa. Handtaksbrosjer var tradisjonelle brosjer frå Europa som kom til England og kom på moten i seinangelsaksisk tid. Sikringsnålbrosjer var vanlegare tidleg i angelsaksisk tid, blei mindre vanlege i løpet av 600-talet og hadde utvikla seg til stripebrosja på 700-talet. Andre brosjeformer frå denne tida er fugl, ottonsk (stjerneforma), rektangel og kross.[13][14]

Keltisk tradisjon endre

Keltiske brosjer utgjer ein eigen, distinkt tradisjon med rikt dekorerte halvopne ringar utvikla i tidleg mellomalder på Irland og i Skottland. Teknikkar, stilar og materiale brukte av keltarar var ulike frå dei til angelsaksarane. Nokre eigenskapar ved keltisk smykkekunst, som millefiori-glas og krusete stilar, har meir til felles med eldre brosjer enn samtidge angelsaksiske smykke.[15] Keltisk smykkekunst er kjenneteikna av oppfinnsamheit og komplekse design. Tara-brosja er eit kjend døme på ei keltisk brosje.[16]

Skandinavisk tradisjon endre

Germansk dyreornamentikk var grunnlaget for skandinavisk kunst i mellomalderen. Den livfulle dekorative stilen oppstod i Danmark seint på 400-talet som respons på seinromersk metallarbeid. Skandinaviske handverkar i tidleg mellomalder skapte intrikat utskorne brosjer med sin særskilde dyreornamentikk. Brosjer blei som regel laga av kopar eller sylv.[17]

Frå tidleg på 700-talet til 1000-talet drog skandinaviske vikingar ut i verda og raida, utforska og koloniserte. Metallarbeid frå vikingtida omfattar mellom anna brosjer dekorerte i ein eller fleire kunststilar. I sekvens er desse fem stilane kjende som Oseberg, Borre, Jellinge, Mammen, Ringerike og Urnes.[18]

Det blei laga fleire ulike skandinaviske brosjetypar i denne perioden: runde, ovale, fugleforma, likearma, trekløver, ruterforma og boga skive. Dei vanlegaste stilane var Jellinge og Borre. Desse kan begge omfatta motiv som samanfiltra, gripande dyr, enkeltdyr, bandforma dyr, knute- og rinkjeder, ranker og blad og fuglar og dyr.[19]

Seinmellomalderen endre

Brosjer frå seinmellomalderen (1300-1500) blei brukte av både menn og kvinner. Vanlege former var stjerne, femkant, flika, hjul, hjarte og ring. Ringforma brosjer var mindre enn andre brosjer, og blei brukte til halsfeste for klede.[20] Brosjedekorasjonar kunne vera enkle inskripsjonar eller smykkesteinar festa til eit grunnlag av gull eller sylv. Ringforma brosjer kunne typisk ha innskrifter om tru, kjærleik eller vennskap. Hjarteforma brosjer var ei populær gåve mellom kjærastar eller vennar.[21]

Amulettbrosjer var sært vanlege før mellomalderen. I seinantikken blei dei utsmykka med symbol på heidenske guddommar eller smykkesteinar som skulle ha særskilde eigenskapar som verna beraren mot skade. Desse heidensk-inspirerte brosjene fortsette i bruk etter utbreiinga av kristendommen. Heidenske og kristne symbol blei ofte kombinerte i brosjedekorasjon i mellomalderen.[22] Frå 1300-talet byrja tredimensjonale brosjer først å opptre. Dunstable-svana er eit velkjend døme på ei tredimensjonal brosje.[23]

Tidleg moderne brosjer endre

Den tidlege moderne tida for smykkekunst går frå 1500 til 1800. Global utforsking og kolonisering førte ny rikdom og nye ressursar som diamantar, smykkesteinar, perler og edelmetall til Europa. Raske endringar i klesmote medførte tilsvarande endringar i smykkestilar. Etterspurnad etter nye smykke førte til at ein smelta ned og verka om mange eldre smykke for å laga nye. På grunn av dette finst det få overlevande smykke frå denne tida. Dei viktigaste smykkestilane frå denne perioden er renessanse, georgisk og nyklassisistisk.[24]

Renessanse endre

Renessansen var ein periode frå 1300 til 1600 prega av rikdom og luksus. Utførlege brosjer dekte med steinar eller perler var på moten, særleg blant overklassen. Vanlege smykkesteinar var smaragd, diamant, rubin, ametyst og topas. Brosjer med religiøse motiv og emaljerte miniatyrportrett var populære i denne perioden. Smykkesteinar blei ofte valde for dei vernande eigenskapane sine og for sterke fargar.[25] På 1400-talet førte nye skjereteknikkar til innføringa av nye smykkesteinformer.[26]

Georgisk endre

Georgisk tid (1710–1830) har namn etter dei fire kongane av England som heitte Georg. Tidleg på 1700-talet var forseggjorte brosjer med komplekse design på moten. Frå midten til seint på 1700-talet blei enklare former og design vanlegare, med enklare motiv frå naturen, sløyfer, miniatyrportrett og dyr.[27] Georgisk smykkekunst var typisk handlaga i gull eller sylv. Diamantar og perler fortsette å vera på moten i denne perioden.[28]

Nyklassisisisme endre

Den nyklassistiske perioden (1760–1830) i smykkedesign var inspirert av det gamle Hellas og Romarriket. Hovudskilnaden mellom renessansesmykke og nyklassistiske smykke var at smykke i renessansen hovudsakleg blei laga for overklassen medan smykke i den nyklassistiske perioden blei laga for allmugen.[29] Ei viktig nyskaping i smykkekunst i denne perioden var teknikken med å laga kamé av harde stoff som svart basalt og jaspis. Den engelske pottemakaren Josiah Wedgwood stod bak dette viktige bidraget til smykkekunst. Brosjer med klassiske scenar var på moten i denne perioden. Perler og smykkesteinar blei framleis brukte i brosjer, men var mindre populær enn tidlegare. Utbrotet av den franske revolusjonen stoppa etterspurnad etter og tilverkinga luksuriøse smykke for ei tid.[27]

Sein moderne tid endre

Sein moderne tid dekkje perioden frå 1830 til 1945. Dei viktigaste smykkestilane i denne perioden var viktoriansk (1835–1900), art nouveau/jugendstil (1895–1914), edvardiansk (1901–1910) og art deco (1920–1939).

Viktoriansk endre

Denne perioden har namn etter dronning Victoria av Storbritannia, som herska frå 1837 til 1901. Kaméar, medaljongbrosjer, hjarte, blomar, dyr og andre naturmotiv, var populære smykkestilar i tidleg viktoriansk tid. Då ektemannen til dronning Victoria, prins Albert, døydde i 1861 endra smykkemoten seg til å reflektera sørgeperioden til dronninga. Stilar blei tyngre og alvorlegare, med materiale som svart emalje, jet og svart onyks. Sørgebrosjer var vanlege å bruka fram til enden av viktoriatida.[30]

På denne tida var det vanleg å ha hår eller portrett som del av ei brosje. Skikken byrja som eit uttrykk for sorg, og utvikla seg til å også bli brukt for kjære som framleis var i live. Hår kunne plasserast inni brosja eller bli fletta eller vove inn i eit band som ein festa klemma i.[31]

Art nouveau endre

Art nouveau-perioden innan smykkekunst omfatta eit kort tidsrom frå 1895 til 1905. Stilen byrja i Frankrike som ein reaksjon mot den tunge, alvorlege stilen frå viktoriatida. Innovative, fløymande design blei brukte til å avbilda natur, blomar, insekt og sensuelle kvinner med fløymande hår. Smykkestilen var på moten i femten år, og enda med utbrotet av fyrste verdskrigen.[32]


Edvardiansk tid endre

Den edwardianske perioden innan smykkekunst (1901–1910) byrja etter at dronning Victoria døydde og sonen Edvard blei konge. Denne perioden var den første gongne ein tok i bruk platina til å laga smykke. Styrken til platina gjorde at ein kunne laga produkt med fint filigranarbeid som minna om silke og blonder. Dei viktigaste smykkesteinane ein brukte i brosjer var diamantar, typisk med platina eller kvitt gull, og farga smykkesteinar eller perler.[30] Platina- og diamantbrosjer var utbreidde. Små brosjer heldt fram med å vera populære. Vanlege former var sløyfer, band, kransar og girlanderar, alle i den lette nye stilen.[33]

Art deco endre

Art deco-perioden varte frå 1920 til 1939. Kubisme og fauvisme, kunstretningar frå tidleg på 1900-talet, inspirerte denne nye stilen, i lag med aust-asiatisk, afrikansk og latinamerikansk kunst. Art deco hadde namn etter Exposition International des Arts Décoratifs et Industriels Modernes, ei kunstindustriutstilling halden i Paris i 1925.[34] Vanlege brosjedekorasjonar frå denne perioden er geometriske former, abstrakte design, design frå kubisme og fauvisme og motiv frå Egypt og India. Svart onyks, korall, kvarts, lasurstein og karneol blei brukte med klassiske smykkesteinar som diamant, rubin, smaragd og safir.[35]

Kjelder endre

  1. Tait 1986, s. 48.
  2. Tait 1986, s. 15-16.
  3. Adams, Sophia Anne (2013). The First Brooches in Britain:from Manufacture to Deposition in the Early and Middle Iron Age (PhD). University of Leicester. 
  4. 4,0 4,1 Black 1988, s. 107.
  5. Tait 1986, s. 101.
  6. Gregorietti 1969, s. 146.
  7. Black 1988, s. 109.
  8. Tait 1986, s. 107.
  9. Gregorietti 1969, s. 139.
  10. Stoodley 1999, s. 17—19.
  11. 11,0 11,1 11,2 Walton-Rogers 2007.
  12. 12,0 12,1 Owen-Crocker 2004.
  13. Weetch, Rosie (2014). Brooches in Late Anglo-Saxon England with a North West European Context (PhD). University of Reading. 
  14. «Portable Antiquities brooches». Portable Antiquities Scheme. 7. september 2018. Henta 16. april 2019. 
  15. Tait 1986, s. 112-114.
  16. Black 1988, s. 101-103.
  17. Graham-Campbell 2013, s. 25.
  18. Graham-Campbell 2013, s. 21.
  19. Graham-Campbell 2013, s. 66,88,117.
  20. Gregorietti 1969, s. 162.
  21. Tait 1986.
  22. Tait 1986, s. 205.
  23. Tait 1986, s. 138.
  24. Gregorietti 1969, s. 240.
  25. «A History of Jewellery». Henta 21. juni 2019. 
  26. Bernstein, Beth. «Jewellery through the Ages». Arkivert frå originalen 19. juni 2019. Henta 21. juni 2019.  The abundance of jewellery is well documented in paintings during the time period.
  27. 27,0 27,1 Gregorietti 1969.
  28. «Neoclasical jewelry». Henta 22. juni 2019. 
  29. 30,0 30,1 Johnson, Andrew. «A History of Classic Jewelry Periods». Arkivert frå originalen 19. juni 2019. Henta 22. juni 2019. 
  30. Tanenbaum, Carole; Silvan, Rita (2006). Fabulous Fakes: A Passion for Vintage Costume Jewelry. Toronto: Madison Press. s. 12, 18–19. 
  31. Graff, Michelle. «The history behind Art Nouveau Jewelry». Henta 22. juni 2019. 
  32. «Edwardian Jewelry: 1901-1915». Henta 23. juni 2019. 
  33. «Art Deco era Jewellery». Henta 23. juni 2019. 
  34. «Jewelry Timeline». Henta 16. juni 2019. 

Bibliografi endre