Silkefuru er ein art i furuslekta innanfor furufamilien. Arten veks i fjella på Balkan i Nord-Makedonia, Montenegro, Serbia, Bulgaria, Kosovo, Albania, og på eit lite område heilt nord i Hellas.

Silkefuru
Silkefuru
Silkefuru
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Silkefuru
Utbreiinga av Silkefuru
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Furuordenen Pinales
Familie: Furufamilien Pinaceae
Slekt: Furuslekta Pinus
Underslekt: Haploxylon
Seksjon: Strobus
Art: Silkefuru P. peuce
Vitskapleg namn
Pinus peuce
Barnåler

Treet blir 30–40 meter høgt, med ein stammediameter på inntil 1,5 meter. Nålene kan bli 11 cm lange, sit i klasar på fem, og er grøne. Konglene er harde og inntil 16–20 cm lange. Dei har frø med tynne venger som blir spreidde anten med vinden eller ved hjelp av nøttekråker. Borken er fura med små skjold av borkskjel, brungrå eller mattgrå i fargen.

Arten veks i høgareliggjande strøk og toler temperaturar ned til −45 °C. Den er ein populær hage- og parkart.

I den norske Framandartslista er arten vurdert til låg risiko på grunn av avgrensa invasjonspotensial og ingen kjend økologisk effekt.[1]

Kjelder

endre
  1. «Karplanter. Vurdering av økologisk risiko for silkefuru Pinus peuce som LO for Fastlands-Norge med havområder». Fremmedartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 25. september 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre