Silver Dagger
Song av Joan Baez
frå albumet Joan Baez
Utgjeve 1960
Sjanger Vise
Lengd 2:30
Selskap Vanguard
Komponist trad
Tekstforfattar trad
Låtskrivar(ar) Tradisjonell

«Silver Dagger», med variantar som «Katy Dear», «Molly Dear», «The Green Fields and Meadows», «Awake, Awake, Ye Drowsy Sleepers» og andre (Laws M4 & G21, Roud 2260 & 2261) er ei USA-amerikansk vise, som kanskje har britisk opphav.[1][2] Desse songane med forskjellige titlar er nært knytte til ein annan, og to delar av songen vart sræleg populær i kommersiell country og folkemusikk på 1900-talet. «Silver Dagger»-versjonen vart popularisert av Joan Baez, og «Katy Dear»-versjonane av brødreduoar som The Callahan Brothers, The Blue Sky Boys og The Louvin Brothers.

På «Silver Dagger» avviser den kvinnelege songaren ein potensiell friar, sidan mor hennar har åtvara ho om å unngå friarane for å spare ho for hjartesorga ho sjølv måtte gjennom. Innspelinga frå 1960 av Joan Baez inneheld berre ein liten del av den fulle balladen.[3] «Katy Dear» nytta den same melodien, men ein annan tekst, og fortel ei liknande soge frå eit mannleg perspektiv.[4]

Kjelder

endre
  1. «Roud Folk Song Index - search result for 711». Vaughan Williams Memorial Library entry - Roud Folk Song Index. Arkivert frå originalen 27. september 2007. 
  2. Robert B. Waltz and David G. Engle. «Silver Dagger (I), The [Laws G21]». The Ballad Index. 
  3. «Silver Dagger». The Contemplator's Folk Music and Carolan Resource Center. 
  4. Lyle Lofgren. «Remembering The Old Songs: KATIE DEAR (Laws G21).» 2002-03. Inside Bluegrass. Henta 13. oktober 2018.

Bakgrunnsstoff

endre