Opna hovudmenyen

Simen Håkon Østensen (fødd 4. august 1984) er ein norsk langrennsløpar som vart nordgsmeister på 50 km i 2010. Hans beste internasjonale resultat er tredjeplassen i ski-turneringa Tour de Ski 2006/07. Østensen er medlem av Fossum IF.

Innhaldsliste

AktivEndra

Østensen debuterte i verdscupen med å bryte femmila i Holmenkollen i 2005. Han fekk sitt gjennombrot under Tour de Ski 2006/07, der han leia samanlagt etter dei to første av i alt seks renn. Han enda til slutt på tredjeplass, hans fremste individuelle prestasjon i verdscupen. 17. februar 2008 gjekk han inn til verdscupsiger i lagsprint i tsjekkiske Liberec, saman med Martin Sundby. Østensen gjekk sisteetappen og slo finske Ville Nousiainen i spurten med fire tidels sekund.

Østensen tok sølv på sprinten under noregsmeisterskapen i Granåsen i Trondheim i februar 2008 og gull på 50 km under NM på ski 2010 i Tolga, ei tevling som gjekk i klassisk stil. Tre år seinare på Løten fekk han sølvmedaljen på NM-femmila, utan sjanse til å hamle opp med vinnaren Martin Sundby.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

  • 2008: Sølvmedalje i sprint i Trondheim
  • 2010: Gullmedalje på 50 km på Tolga
  • 2011: Nr 5 på 30 km på Steinkjer
  • 2013: Sølvmedalje på 50 km på Løten

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

BakgrunnsstoffEndra