Opna hovudmenyen

Tour de Ski er ei langrennstevling som byggjer på Tour de France innan sykling og Hoppveka innan skihopp. Ein har halde Tour de Ski årleg sidan oppstarten i 2006/07-sesongen. Det blir halde sju til ni renn i løpet av cirka ti dagar rundt årsskiftet, og felles for alle sesongane er at siste etappe blir avslutta opp slalåmbakken i Val di Fiemme. Tour de Ski inngår i verdscupen i langrenn.

HistorieEndra

Tour de Ski blei halde for første gong ved årsskiftet 2006/07 med tyske Tobias Angerer og finske Virpi Kuitunen som vinnarar.

År Dato Etappar Arrangørstader
2006/07 31. desember 2006–7. januar 2007 6 München, Oberstdorf, Asiago og Val di Fiemme
2007/08 28. desember 2007–6. januar 2008 8 Nové Město, Praha, Asiago og Val di Fiemme
2008/09 27. desember 2008–4. januar 2009 7 Oberhof, Praha, Nové Město og Val di Fiemme
2009/10 1. januar 2010–10. januar 2010 8 Oberhof, Praha, Cortina d'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2010/11 31. desember 2010–9. januar 2011 8 Oberhof, Oberstdorf, Cortina d'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2011/12 29. desember 2011–8. januar 2012 9 Oberhof, Oberstdorf, Toblach, Cortina d'Ampezzo og Val di Fiemme
2012/13 29. desember 2012–6. januar 2013 7 Oberhof, Val Müstair, Cortina d'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2013/14 28. desember 2013–5. januar 2014 7 Oberhof, Lenzerheide, Cortina 'Ampezzo, Toblach og Val di Fiemme
2015 3. januar 2015–11. januar 2015 7 Oberhof, Val Müstair, Toblach og Val di Fiemme
2016 1. januar 2016–10. januar 2016 8 Lenzerheide, Oberstdorf, Toblach og Val di Fiemme
2016/17 31. desember 2016–8. januar 2017 7 Val Müstair, Oberstdorf, Toblach og Val di Fiemme
2017/18 30. desember 2017–7. januar 2018 Lenzerheide, Oberstdorf og Val di Fiemme
1: Opphavleg sju, men ein etappe måtte avlysast på grunn av dårlig vêr.

Poeng i verdscupenEndra

Løparane som vinn Tour de Ski samanlagd, får med seg 400 poeng inn i verdscupen, mot 100 frå eit normalt renn. Dei 30 første får poeng. Ein løpar må gå alle renna for å få teljande resultat samanlagd. Frå 2007/08 har også vinnarar av enkeltrenn 50 verdscuppoeng, så lenge dei gjennomfører heile touren. Her er det dei 15 første som får poeng.

PremiepengarEndra

Totalt deler arrangørane ut drøyt fem millionar norske kroner i premiepenger. Samanlagdvinnarane får med seg drøyt 750 000 kroner kvar, medan vinnaren av den innlagde sprintcupen får drøyt 50 000 norske kroner. I tillegg er det 25 000 kroner for kvar siger i enkeltrenna.

ResultatlisterEndra

DamerEndra

År Samanlagd Vinnar av
sprintcupen
1 2 3
2006/2007   Virpi Kuitunen   Marit Bjørgen   Valentyna Sjevtsjenko   Virpi Kuitunen
2007/2008   Charlotte Kalla   Virpi Kuitunen   Arianna Follis   Virpi Kuitunen
2008/2009   Virpi Kuitunen   Aino-Kaisa Saarinen   Petra Majdič   Petra Majdič
2009/2010   Justyna Kowalczyk   Petra Majdič   Arianna Follis   Arianna Follis
2010/2011   Justyna Kowalczyk   Therese Johaug   Marianna Longa   Justyna Kowalczyk
2011/2012   Justyna Kowalczyk   Marit Bjørgen   Therese Johaug   Justyna Kowalczyk
2012/2013   Justyna Kowalczyk   Therese Johaug   Kristin Størmer Steira   Justyna Kowalczyk
2013/2014   Therese Johaug   Astrid Uhrenholdt Jacobsen   Heidi Weng   Astrid Uhrenholdt Jacobsen
2015   Marit Bjørgen   Therese Johaug   Heidi Weng   Marit Bjørgen
2016   Therese Johaug   Ingvild Flugstad Østberg   Heidi Weng   Ingvild Flugstad Østberg
2016/2017   Heidi Weng   Krista Pärmäkoski   Stina Nilsson   Stina Nilsson
2017/2018   Heidi Weng   Ingvild Flugstad Østberg   Jessica Diggins   Ingvild Flugstad Østberg

HerrarEndra

År Samanlagt Vinnar av
sprintcupen
1 2 3
2006/2007   Tobias Angerer   Aleksandr Legkov   Simen Østensen   Tor Arne Hetland
2007/2008   Lukáš Bauer   René Sommerfeldt   Giorgio Di Centa   Petter Northug
2008/2009   Dario Cologna   Petter Northug   Axel Teichmann   Tor Arne Hetland
2009/2010   Lukáš Bauer   Petter Northug   Dario Cologna   Petter Northug
2010/2011   Dario Cologna   Petter Northug   Lukáš Bauer   Dario Cologna
2011/2012   Dario Cologna   Marcus Hellner   Petter Northug   Dario Cologna
2012/2013   Aleksandr Legkov   Dario Cologna   Maksim Vylegzjanin   Petter Northug
2013/2014   Martin Sundby   Chris Jespersen   Petter Northug   Martin Sundby
2015   Petter Northug   Jevgenij Belov   Calle Halfvarsson   Petter Northug
2016   Martin Sundby   Finn Hågen Krogh   Sergej Ustjugov   Martin Sundby
2016/2017   Sergej Ustjugov   Martin Sundby   Dario Cologna   Sergej Ustjugov
2017/2018   Dario Cologna   Martin Sundby   Alex Harvey   Dario Cologna

«Monsterbakken»Endra

Siste etappe blir avslutta opp slalåmbakken i Cavalese. Han ligg i fjellet Alpe Cermis på 2250 moh., og er den brattaste motbakken som nokon gang er teken med i verdscupen i langrenn. Etappen går i fristil. Heile etappen er ni kilometer lang, medan sjølve bakken er 3,6 kilometer. Utøvarane klatrar 420 meter i høgd, med ei helling på 28 prosent.[1]

I slalåmbakken blir det plassert portar som utøvarane følgjer opp bakken. Desse går i svingar, så utøvarane går ikkje kortaste veg til toppen. Etappen blir halden med jaktstart med startintervall etter samanlagtstillinga etter etappane før. Dersom dette fører til for store tidsmessige avstander kan juryen velja å bruka ein «bølgjestart».[2]

EtappevinnararEndra

 
Martin Johnsrud Sundby vann etappen i 2016 og 2018.

Menn:

År Namn Nasjon Tid
2007 Sergej Sjirjajev   Russland 32.07,8
2008 René Sommerfeldt   Tyskland 32.59,0
2009 Ivan Babikov   Canada 33.51,2
2010 Lukáš Bauer   Tsjekkia 33.43,4
2011 Lukáš Bauer   Tsjekkia 30.28,3
2012 Aleksandr Legkov   Russland 30.38,2
2013 Marcus Hellner   Sverige 29.59,6
2014 Chris André Jespersen   Noreg 31.58,8
2015 Roland Clara   Italia 29.13,0
2016 Martin Sundby   Noreg 30.47,0
2017 Maurice Manificat   Frankrike 29.20,0
2018 Martin Sundby   Noreg 28.36,4
 
Therese Johaug vant i 2016 etappen for sjuende gang.

Kvinner:

År Namn Nasjon Tid
2007 Kateřina Neumannová   Tsjekkia 34.24,5
2008 Valentyna Sjevtsjenko   Ukraina 34.06,2
2009 Therese Johaug   Noreg 35.07,7
2010 Kristin Størmer Steira   Noreg 35.49,8
2011 Therese Johaug   Noreg 33.14,4
2012 Therese Johaug   Noreg 34.17,7
2013 Therese Johaug   Noreg 34.12,4
2014 Therese Johaug   Noreg 34.19,8
2015 Therese Johaug   Noreg 32.16,4
2016 Therese Johaug   Noreg 33.14,8
2017 Heidi Weng   Noreg 33.34,3
2018 Heidi Weng   Noreg 32.11,5

KjelderEndra

  1. «Slik er MONSTERBAKKEN». www.langrenn.com. Henta 15. oktober 2015. 
  2. «Etappeguide for Tour de Ski 2015». www.langrenn.com. Henta 15. oktober 2015.