Gotisk arkitektur

(Omdirigert frå Gotikken)

Gotisk arkitektur eller gotikk er ein periode innan arkitektur, skulptur og målarkunst, framfor alt i kyrkje- og klosterarkitekturen og den religiøse kunsten, men òg i den verdslege arkitekturen. Gotikken dominerte det katolske Vest-Europa i mellomalderen, frå kring 1150 til kring 1550. Kan hende meir enn noko anna periode innan europeisk kunsthistorie vart gotikken basert på prinsipp for konstruksjonen av bygningane. Byggmeistrane utvikla og kombinerte spissbogar og ribbekrysskvelving på ein ny måte, og nytta kombinasjonar av utvendige pillarar og støttebogar for å take opp sidekraftene frå kvelva over kyrkjeromma. Største problemet var å få til harmoniske kryssande kvelvingar - særskilt om dei hadde ulik diameter.

Katedralen Notre-Dame de Chartres i Chartres er i gotisk stil, med unnatak av vestfronten, som er eldre og i romansk stil.
Den vesle kyrkja Sainte-Chapelle i Paris, med dei høge vindaugo og så å seie inga veggflater, vert rekna som perla i gotisk arkitektur.
Katedralen i Ely.
Klosteret i Batalha.
Gotisk konstruksjon
Oppdeling av veggane i arkade, triforium, og klerestorium. Strebebuane kan ein òg sjå.
Grunnplan av Laonkatedralen med rett avslutta kor og tverrskip
Grunnplan for Notre-Dame i Reims, bygginga byrja kring 1210. Koret er vorte absidalt og tverrskipa er i ferd med å forsvinna
Grunnplan for Kølnerdomen

Den gotiske byggjestilen vert ofte kalla spissbogestilen av di stilen er kjenneteikna av at bogar og kvelv vart gjeve ei avspissa form, i motsetnad til dei halvsirkelforma bogane og kvelva som kjenneteikna den tidlegare bygningsstilen i mellomalderen, den romanske stilen, òg kalla rundbogestilen. Eit viktig utviklingsdrag i gotikken var dessutan ideen om å gjere kyrkjebygningane og kyrkjeromma så høge som råd var, og dessutan å samle tyngdene av kvelva mest mogleg i punkter, slik at veggane kunne opnast opp og sleppe det himmelske ljoset inn i bygningane gjennom store vindaugo med fargerike glasmåleri.

Inndeling av gotikken

endre

Vanlegvis vert byrjinga på gotikken rekna å vera 1136, då kyrkjekoret i den franske Saint Denis-kyrkja vart ombygd under leiing av abbed Suger.

Gotikken vert gjerne delt inn i tre faser:

I England er ei anna inndeling vanleg:

Nygotikk

endre

I løpet av renessansen og barokken såg ein stort sett på gotikken med forakt. Interessa tok seg trass i dette opp i England på slutten av 1700-talet, og frå kring 1825 braut nygotikken fram for alvor i England. Snart spreidde han seg til alle delar av den katolske og protestantiske verda, og i dag finst nygotiske kyrkjer i alle verdsdelar.

Nokre kjende gotiske katedralar

endre
Katedral Byggår Sted/Region
Frankrike
Klosterkyrkja Saint-Denis 1136 Saint-Denis, Île-de-France
Notre-Dame i Chartres 11941220 Chartres, Eure-et-Loir
Nortre-Dame i Reims 12101252 Reims, Marne
Notre-Dame i Laon 11551230 Laon, Aisne
Notre-Dame de Paris 1160 Paris
Notre-Dame i Amiens 12201266 Amiens
Saint-Étienne i Bourges 1195-1255 Bourges, Cher
Saint-Pierre i Beauvais 1225-1278 Beauvais, Oise
Sainte-Chapelle 12421248 Paris
Sainte-Cécile Albi
Eglise-des-Jacobins Toulouse
Italia
Santa Maria sopra Minerva Roma
Santa Maria Novella i Firenze Firenze
Domkyrkja i Siena Siena
Domkyrkja i Milano Milano
San Franceso-kyrkja Assisi
Spania
Santa Maria i Burgos 12211260 Burgos
Katedralen i Leon 12531302 Leon
Santa Maria de la Sede Sevilla
Storbritannia
Salisburykatedralen Salisbury
Wellskatedralen Wells
Rochesterkatedralen Rochester
Lincolnkatedralen Lincoln
Gloucesterkatedralen Gloucester
Westminster Abbey London
Tyskland
Domkyrkja i Naumburg Naumburg
Kölnerdomen Köln
Katedralen i Ulm Ulm
Freiburger Münster Freiburg
Sentraleuropa
Stefansdomen 1258 Wien i Austerrike
Mariakyrkja i Kraków Polen
Mariakyrkja i Gdansk Polen
Katedralen i Zagreb Kroatia

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gotisk arkitektur