Simonyspitze

Simonyspitze er eit 3 473 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, på grensa mellom forbundslanda Tirol og Salzburg i Austerrike.

Simonyspitze
fjell
Simonyspitzen2.jpg
Brekledde Simonyspitze, med Gubachspitze til venstre
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 473 moh.
Primærfaktor 102 m
Førstestiging 1871
Koordinatar 47°4′21″N 12°15′36″EKoordinatar: 47°4′21″N 12°15′36″E

Simonyspitze
47°4′21″ N 12°15′36″ E
Wikimedia Commons: Simonyspitzen

Namnet fekk fjellet på eit møte i Oesterreichischen Alpenverein den 15. mars 1865 etter eit framlegg frå kartografen Franz Keil. Slik ynskte han å heidre geografen og alpeforskaren Friedrich Simony. Fjelltoppen vart bestige fyrste gongen 28. juli 1871 av fjellklatraren Theodor Harpprecht frå Stuttgart og fjellføraren Josef Schnell.

KjelderEndra