Singet dem Herrn ein neues Lied, BWV 225, er ein motett komponert av Johann Sebastian Bach. Motetten vert rekna som den største av dei fem motettane som Bach komponerte.[1]

Singet dem Herrn ein neues Lied
BWV 225
Motett av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1727
Urframføring1727
Publiseringsdato1802
Typisk lengd13:32
Satsar/akter4
ToneartB-dur

Han vart komponert i Leipzig i 1727. Ein kjenner ikkje til kvifor Bach skreiv motettane sine, bortsett frå Fürchte dich nicht, ich bin bei dir, BWV 228. Det var ingen krav i stillinga hans at han skulle skrive motettar for den lutherske liturgien i Leipzig, noko som forklarar kvifor han skreiv så få av dei, men somme ser ut til å ha vorte skrivne for gravferder.[1] Bach-forskaren Chritoph Wolff meiner at motettane vart skrivne for å lære elevane til Bach forskjellige komposisjons- og framføringsteknikkar. Dette høver godt inn for denne kompliserte og særs nyskapande motetten. Moteten er særs teknisk krevjande for songarane.[1]

Teksten er henta frå Salme 149: 1-3; Salme 150: 2 & 6 og Johann Gramann (Poliander) (1530).

I motsetnad til kantatane til Bach, som raskt forsvann frå repertoaret etter Bach døydde, vart motettane hans mykje spelt i Leipzig. I 1789 vart denne motetten framført for Mozart då han vitja byen og han skal ha sagt då han høyrte motetten: «Dette er verkeleg noko ein kan lære mykje av!»[1]

Instrumentering og struktur

endre

Stykket er instrumentert for åttedelt kor (SATB, SATB).

Det består av fire satsar:

  1. «Singet dem Herrn ein neues Lied», Koral
  2. «Gott, nimm dich ferner unser an», Koral
  3. «Lobet den Herrn in seinen Taten», Koral
  4. «Alles, was Odem hat, lobe den Herrn», Koral

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Brian Robins. «Singet dem Herrn ein neues Lied, motet for chorus, BWV 225 (BC C1)». Allmusic. Henta 21. april 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre