Daddel

planteart dyrka for frukta
(Omdirigert frå Daddelpalmar)
Daddelpalme
Daddelpalmar i Marokko
Daddelpalmar i Marokko
Status
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Palmeordenen Arecales
Familie: Palmefamilien Arecaceae
Underfamilie: Coryphoideae
Stamme: Phoeniceae
Slekt: Daddelpalmeslekta Phoenix
Art: Daddelpalme P. dactylifera
Vitskapleg namn
Phoenix dactylifera

Daddel er frukta frå daddelpalmen (Phoenix dactylifera) i daddelpalmeslekta i palmefamilien.[1] Ein dyrkar dadlar i tørre delar av Asia og Nord-Afrika, særleg i oasar. Daddeldyrking er særleg viktig i Midtausten.

Skildring endre

Daddelpalmen er eit mellomstort tre, 15-25 meter høgt, som kan ha fleire stammar frå same rotsystemet eller ein enkel stamme. Blada er 3-5 meter lange.

 
Dadlar på treet.

Dadlar endre

Daddelfrukta er eigenleg eit bær som inneheld eitt frø. Ein har brukt dadlar til mat i Midtausten i tusenvis av år. Dei har vore dyrka frå Mesopotamia til Egypt, kanskje så tidleg som 4000 f.Kr Arkeologiske funn tyder på at dadlar kan ha vore kultiverte aust i Arabia i 6000 f.Kr

 
Aveny av daddelpalmar i Anaheim i California.

Dyrking endre

Daddelpalmar blir dyrka for frukta, for å gje ly og som prydplante.

Verdas eldste spirande frø endre

Eit 2000 år gammalt daddelfrø frå Masada nær Daudehavet vart i 2008 det eldste frøet i verda ein har fått til å spira.[2] Førebels undersøkingar har vist at planta deler omtrent halvparten av DNA-et med tre moderne variantar av daddelpalmen, frå Egypt, Irak og Marokko.

Daddel i kulturen endre

Daddelpalmen har lenge vore ein viktig kulturplante i området ho veks i. Han er nemnd fleire gonger i Bibelen og Koranen, og blir mellom anna nytta til å byggja lauvhytter under den jødiske sukkothøgtida. Palmegreinene er mellom anna eit symbol for siger, og kan brukast til å markera palmesundag. Innan islam er det vanleg å bryta fasta under ramadan med dadlar og vatn. Ifølgje tradisjonen likna Muhammed ein god truande med daddelpalmen.[3]

Daddelpalmen er eit nasjonalsymbol for Saudi-Arabia, som nytter han i riksvåpenet. Han er også avbilda på pengar og frimerke frå Algerie, Libya og Tunisia.[4]

Daddelpalme i Noreg endre

I Noreg er daddelpalme ein framandart som er innført som matvare, og det er funne frøplanter som har spira på deponi for matavfall kring Oslofjorden og i Trøndelag frå 1950.[5]

Kjelder endre

  1. «Artsdatabanken: Daddelpalme». Artsdatabanken. 13. februar 2024. 
  2. Connor, Steve: 2,000-year-old seed grows into 'tree of life' for scientists, The Independent, 13. juni 2008
  3. Bukhari, Hadith 3:411, fortald av Ibn 'Umar
  4. Date Palm Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine. ved foodmuseum.com
  5. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 183, 1166. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Daddel
 
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Phoenix dactylifera