Sivsko er ein type fottøy fletta av siv (som lyssiv). Typisk bruk er anten utanpå sko eller støvlar for å halda varmen, eller innandørs som tøflar. Sivsko blei laga i område med mykje tilgang på siv, som i Danmark og delar av Noreg. Halmsko og bastsko er liknande typar sko som alle gjev god varmeisolasjon.

Sivsko frå Nærbø i Jæren, no ved Norsk Folkemuseum.

Historie endre

Historisk blei sivsko laga av fattige fiskarar og bønder til sal. Sivskoframstilling kunne vera ei viktig tilleggsnæring som gav ei lita, men fast inntekt.[1][2]

Produksjonen i Danmark gjekk sterkt tilbake på 1960-talet, då levemønsteret i produksjonssatder som Randers endra seg og dei fleste sivskomakarane byrja arbeida ved fabrikkar. Bruken av skorne gjekk opp under energikrisa på 1970-talet. I dag er det få som produserer slike sko i både Noreg og Danmark,[3][2] men det blir tidvis arrangert kurs.[4]

Framstilling endre

 
Trillebårlass med lyssiv.

Framstillinga av sivsko byrjar med innhausting av siv i våtmarksområde eller ein grunn fjord.[5] Dei blir deretter tørka, og lagt til lagring når dei er blitt gule på farge.[6]

Når ein skal laga sko blir dei tørre siva væta att i vatn for å gjera dei mjuke. Dei blir så fletta til strame remser som deretter blir vikla rundt ei plate som gjev solestorleiken. Til solen syr ein overdelen, og til slutt bankar ein skoen i fasong.[6]

Kjelder endre

  1. Sivskoenes historie Arkivert 2019-03-04 ved Wayback Machine., sivsko.dk
  2. 2,0 2,1 Sivskoenes historie i Randers, Landsbyer i Randers Kommune, Visit Randers
  3. Bjørg Njå, husflidhandverkar Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., njaagarden.no
  4. Kurs i sevsko på Folgehuset[daud lenkje], Jærmuseet (jaermuseet.no)
  5. Sivsko høst i Randers Fjord (youtube.com)
  6. 6,0 6,1 Fremstilling af sivsko, arkivert frå originalen 4. mars 2019, henta 18. september 2017 

Bakgrunnsstoff endre