Sjahádah

(Omdirigert frå Sjahada)
For den indiske byen, sjå Shahada i Nandurbar.

Sjahádah er namnet på den muslimske truvedkjenninga og blir rekna som éi av dei fem søylene i religionen islam:

لا إله إلا الله ومحمد رسول الله

Lā ’ilāha ’illā llāha wa Muḥammadun rasūlu llāhi.

“Ikkje finst nokon annan gud enn Alláh, og Muḥammad er Bodberaren åt Alláh.”

Omgrepa nabi (profet) og rasul (Sendebod) endre

I islam skil ein mellom anbiyyā (fl.) og rusul:

  • Ein nabi (pl. anbiyyā) er ein generell profet. Menneske som blir rekna mellom dei største nabiane i islam inkluderer Ibrahim (Abraham), Musa (Moses), Isa ibn Maryam (Jesus) og Nuh (Noah).
  • Ein rasul (pl. rusul el. mursalín) er høgare grad av profet, eller ‘Alláh sin Bodberar’. Den største rasulen i islam, og dermed den største av dei fem største nabiane i islam, er Muhammed.

Historie endre

Ei av dei tidlegaste omsetjingane av shahádahen til eit anna språk er ei gresk omsetjing frå styrestida åt al-Walid I (86–96 AH, 705715 evt.): Ouk estin theos ei mē ho theos monos, Maamet apostolos theou.[1] (Ordrett: 'Det finst ingen gud utanom den eine Gud, Muḥammad er Guds bodberar.')

Bruk endre

Truvedkjenninga i arabisk kalligrafi blir mykje brukt som dekorasjon i muslimsk kultur. Ho finst mellom anna på det saudiarabiske flagget og på fleire det afghanske flagget og riksvåpenet.


Konvertering endre

Når ein ikkje-muslim seier sjahádahen med ærleg intensjon føre to muslimske vitne, blir dette rekna som ei offentleg og gyldig erklæring av konvertering til islam.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne islamartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.