Det afghanske riksvåpenet

Det afghanske riksvåpenet viser ei oppslått bok omgjeven av ein kveitekrans.

Symbolikk endre

 
Det tidlegare riksvåpenet i svart og kvitt.
 
Det tidlegare riksvåpenet i metallisk gull

Det afghanske riksvåpenet frå 1900-talet viser ein mihrab og talarstol i ein moské med påskrifta «Allahu akbar» og ei strålekrone over, årstalet 1298 (١۲۹٨) under og eit afghansk flagg på kvar side. Det er omgjeve av ein kveitekrans med band rundt der den muslimske truvedkjenninga står øvst og «Afghanistan» står nedst. Riksvåpenet i si noverande utforming blei fastsett i den afghanske grunnloven av 26. januar 2004. Våpenet blir brukt både i einsfarga og fleirfargar utgåver. Det er attgjeve på det afghanske flagget i kvitt.

Det afghanske riksvåpenet inneheld ei rekkje symbol på at landet er muslimsk: Mihraben og talarstolen frå moskéen og dei to viktige muslimske utsegnene «Allah er stor» og truvedkjenninga. Kornkransane står for det rike jordbruket i landet.

Årstalet 1298 frå iransk tidsrekning svarer til 1919 i vestleg tidsrekning, då Afghanistan fekk sjølvstende frå Det britiske imperiet.

Soge endre

Emblemet byggjer på eit som har vore i bruk sidan 1901. Abdur Rahman Khan førte eit svart flagg med eit emblem som er forløparen til riksvåpenet. Emblemet hadde ein mihrab med emirlue over, ei samling sverd, skytevåpen under og omkransa av ein laurbærkrans. Då Amanullah Khan blei konge i 1919 blei emblemet vidareutvikla. Mihraben og hovudplagget fekk fleire detaljar medan våpna blei forenkla til to sverd i kryss. Rub el Hizb omkransa no emblemet. Etter inspirasjon frå sosialismen fekk kongen vedteke eit nytt sosisalistsk emblem med to snøfjell og ei oppstigande sol omkransa av dei ombundne kveiteaksa i 1928.[1]

Då kongedømet blei gjeninnført i 1928 fekk landet eit nytt riksvåpen som kombinerte mihraben og kveitekransen. Det kongelege hovudplagget blei fjerna og årstalet for frigjeringa erstatta våpena.[2] Frå 1970- til 2000-åra fekk landet ei rekkje valdelege regjeringsskifte som òg blei reflektert i omskiftelege våpen.

I 1991 blei riksvåpenet med mihrab gjeninnført i noko endra form, med den muslimske truvedkjenninga øvst. Dette blei teke i bruk att etter at Taliban fall i 2001, og noko endra i 2002 før det fekk si noverande form i 2004.

Kjelder endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Det afghanske riksvåpenet