Sjokalskijøya (russisk Остров Шокальского; Ostrov Sjokalskogo) er ei øy i Karahavet i Russland. Ho ligg aust for munningen av elva Ob, utanfor nordvestsida av Gydanhalvøya. Ho er skild frå land av eit smalt sund fullt av holmar kalla Gydanskij Proliv.

Plasseringa til Sjokalskijøya i Karahavet.

Sjokalskijøya har eit areal på 428 km² og er dekt av tundra. Havet omkring øyane er dekt av pakkis om vinteren og det er mykje isfjell sjølv om sommaren, slik at ho ofte heng saman med Gydanskijhalvøya.

Øya høyrer til Jamalo-Nenetsk, som er den nordlege delen av Tjumen oblast. Øya er òg ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Øya er kalla opp etter den russiske kartografen Julij Sjokalskij.

Sjokalskijøya må ikkje forvekslast med den vesle øya med same namn som ligg vest for Vajgatsjøya i Barentshavet.

KjelderEndra

Sjå ògEndra