Sjtokmanfeltet (russisk Штокмановское месторождение, Sjtokmanovskoje mestorozjdenije) ofte òg feilstava Shtokman eller Shtockman, er eit av dei største naturgassfelta i verda. Feltet ligg i Russland sin del av Barentshavet aust for Murmansk, kring 600 km nord for Kolahalvøya, og rett vest for Novaja Semlja. Det er rekna at feltet inneheld kring 3,2 milliardar m³ naturgass. Havet er 350 meter djupt i området. Feltet har namn etter den sovjetiske geofysikaren Vladimir Sjtokman.

Sjtokmanfeltet
naturgassfel
Land  Russland
Kart
Sjtokmanfeltet
73°00′26″N 44°00′19″E / 73.007222222222°N 44.005277777778°E / 73.007222222222; 44.005277777778
Wikimedia Commons: Shtokman field

Naturgassressursane var oppdaga i 1988, men ein byrja ikkje utvinning på grunn av vanskar med arktisk klima og det djupe havet. I 2004 var det i gang samtalar om å få norske oljeselskap med på ei mogleg utbygging. Statoil har røynsle med utbygging av Snøhvitfeltet, medan Norsk Hydro har røynsle frå Ormen Lange-feltet i Norskehavet.

To russiske selskap har fått løyve til å byggja ut feltet, Sevmorneftegaz (eit underselskap av Rosneft) og Gazprom.

Den 16. september 2005 heldt Gazprom ein pressekonferanse i Moskva. Det vart då offentleggjort at selskapa Norsk Hydro, Statoil, Total, Chevron og ConocoPhillips fekk høve til å konkurrera om eigardelar i feltet. Hausten 2006 vart det klart at Gazprom ynskte å byggja ut feltet sjølv, utan å gje utanlandske selskap eigardelar.

Dette endra seg seinare og den 25. oktober i 2007 vart det klart at StatoilHydro fekk ein eigedel på 24 prosent i utbygginga av feltet. Gazprom skulle eige 51 prosent og Total 25 prosent.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre