Sjunkhatten nasjonalpark

nasjonalpark i Nordland fylke, Noreg

Koordinatar: 67°25′N 15°05′E

Sjunkhatten nasjonalpark (Dávga suoddjimpárkka) er ein norsk nasjonalpark som ligg i eit kupert fjell- og dalområde i Nordland; nord for Bodø og sør/vest for Sørfolda-fjorden. Parken vart oppretta i 2010, for å «ta vare på et stort, sammenhengede og villmarkspreget naturområde som inneholder særegne, representative økosystemer og landskap, og som er uten tyngre inngrep».[1] Den dekker eit område på 417,5 km2.

Sjunkhatten nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommunar Bodø, Fauske, Sørfold
Høgaste punkt Sjunkhatten
 - høgd 1 185 moh.
Areal 418 km²
Oppretta 5. februar 2010
Kart
Sjunkhatten nasjonalpark
67°25′28″ N 15°3′44″ E
Wikimedia Commons: Sjunkhatten National Park

Nasjonalparken ligg i kommunane Bodø, Fauske og Sørfold. Parken har blitt lansert som «Barnas nasjonalpark», og regjeringa ønskjer å legge vekt på spesiell tilrettelegging og utvikling av tilbod retta mot barn og unge.

Geografi, landskap, geologi endre

Landskapet er prega av erosjon frå isbrear, med spisse toppar og avrunda fjell, dalbotnar og morenar. Området har mange elver og vatn, og viltre fjellelver pregar landskapet.

Det finst fleire sjeldne plante- og dyreartar. Av desse er 18 såkalla raudlisteartar.

Verneområdet har òg ein sjeldan høg grottetettleik og framstår som et av de viktigaste grotteområda i Noreg.

Forvaltning og bruk av området endre

Næringsinteressene i verneområdet er knytt til tradisjonelle næringar. Duokta reinbeitedistrikt ligg innanfor nasjonalparken og har beiteinteresser i store delar av området. Jordbruket har òg beiteinteresser, det beiter fleire tusen sauer innanfor nasjonalparken.

Referansar endre

Fotnotar

Bakgrunnsstoff endre