Sjurd
mannsnamn
(Omdirigert frå Sjur)
Sjurd og Sjur er ei yngre norsk form av mannsnamnet Sigurd, som er samansett av orda for 'siger' og 'vernar'. Namnet har sterkast tradisjon på Vestlandet. Nordover vart namnet tradisjonelt uttala SjuL (med tjukk L).
Sjurd har namnedag 23. desember.
Bruken av namnet i Noreg
endre- I folketeljinga i 1801 var meir enn 300 personar manntalsførte med namnet Sjur, alle budde i Vest-noreg frå Rogaland til Troms.
- I teljinga frå 1900 var nær 1 500 personar som het Sjur eller Sjurd.
I 2007 er det 1 222 som har Sjur, og 16 som har Sjurd, til første fornamn.
Kjende namneberarar
endre- Sjur Hansson Halkjelsvik (1787-1868), norsk stortingsmann
- Sjurd Liland (1792-1867), norsk spelemann, far til Ola Mosafinn
- Sjur T. Næss (1852-1938), norsk stortingsmann
- Sjur Helgeland (1858-1928), norsk spelemann
- Sjur Bygd (1889-1985), norsk forfattar
I stadnamn
endre- Hamneområdet Sjursøya i Oslo
- Sjurhaugsfossen i Lærdal
Sjå òg
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Sjurd hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
Andre kjelder
endre- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4