Sjur Hansson Halkjelsvik

Sjur Hansson Halkjelsvik (26. august 17876. september 1868) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå VoldaSunnmøre. Han var på stortinget i sesjonane 1830, 1845 og 1848. Han var den fyrste ordføraren i Volda (1838-39), ordførar på ny i perioden 1842-45.

Sjur Hansson Halkjelsvik
Fødd26. august 1787
Død6. september 1868 (81 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Liv og gjerningEndra

Halkjelsvik var fødd Sjur Hansson Eide og kom frå den einbølte garden Eide i Austefjorden i Volda. Han var systerson av Rasmus Jakobsson Vassbotn og Per Jakobsson Bjørkedal. Då Sivert Aarflot i 1803 opna ein sundagsskule der det var undervist i skriving, rekning, historie, geografi, naturkunne og astronomi var Sjur ein av elevane. I åra frå 1805 til 1812 var han omgangsskulelærar i Volda.

I 1812 gifta Sjur Hansson Eide seg med jordatausa i Skjervagarden i Halkjelsvik i Volda, Anne Helene Pålsdotter Halkjelsvik. Sidan var han gardbrukar i Skjervagarden. Attåt hadde han fleire tillitsombod i Volda. Viktigast var arbeidet i forlikskommisjonen der han virka frå 1821 og heilt fram til han døydde. Han var vaksinatør (mot koppar) i perioden 1819-46.

Halkjelsvik var den som i 1814 reiste med eidsdokumentet frå Volda til avlevering hos amtmannen i Molde. Sidan var han mange gonger valmann til samlinga som valde stortingsmenn frå Romsdals amt. Sjølv var han mellom suppleantane (varamennene) til stortinga 1818, 1833, 1845 og 1851. Han var stortingsmann i 1830, då medlem av justiskomiteen. Til stortinget 1845 var han fyrste suppleant, men møtte då Rasmus S. Aarflot døydde før stortingssesjonen tok til. Attvald i 1848, sat då i kyrkjekomite nr. 1, nett som i den føregåande sesjonen. I 1848 hadde han plass i Lagtinget og. Han treivst visst ikkje i stortinget og gjorde heller lite av seg.

I 1837 vart Halkjelsvik vald til ordførar i Volda, den fyrste etter innføringa av formannskaplovene. I til saman seks år var han ordførar, og sat jamnt i heradsstyret. Han var byggjeleiar og oppsynsmann då den fyrste lærarskulen i Volda, Voldens høiere Almenskole, var oppført i 1860.

Halkjelsvik sitt samfunnssyn oppsummerer historikaren Jostein Nerbøvik i uttrykket Enigheds Kraft. Halkjelsvik var «overtydd om at vekslinga og skifteverknaden mellom ”Fællesarbeidet” og det vanlege individuelle arbeidet ville fremje samhald og samfunn i det heile». Samfunnet skulle tuftast på eit samvirke av «dugnad, samnøyte og moraløkonomi».

På 80-årsdagen i 1867 vart Halkjelsvik tildelt borgardådsmedaljen i sølv, etter innstilling frå formannsskapet i Volda.

KjelderEndra