Skagastølstindane
Skagastølstindane, òg kalla Skagastølstindene og Skagastølsryggen, er ein rygg som ligg i fjellområdet Hurrungane, i den sørvestre delen av Jotunheimen. Skagastølstindane ligg på grensa mellom kommunane Luster og Årdal i Vestland. Toppen av Storen, som er den sørlegaste av Skagastølstindene, markerer kommunegrensa.
Skagastølstindane | |||
fjellrygg | |||
Skagastølstindane
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Luster og Årdal (Vestland) | ||
Fjellområde | Hurrungane, Jotunheimen | ||
Høgd | Storen: 2 405 moh. | ||
Skagastølstindane 61°27′58″N 7°52′21″E / 61.466108°N 7.872503°E | |||
Wikimedia Commons: Skagastølstindane |
Skagastølstindane er den vestlegaste delen av Styggedals- og Skagastølsryggen, den høgastliggande fjellryggen i Noreg. Toppane langs Skagastølstindane er av dei høgaste toppane i Noreg og er, frå nord mot sør
- Nordre Skagastølstind (2167 moh.)
- Skagastølsnebbet (2222 moh.)
- Midtre Skagastølstind (2284 moh.)
- Vetle Skagastølstind (2340 moh.)
- Storen (2405 moh.)
Klatreturen over desse toppene vert kalla Skagastølstraversen.