Opna hovudmenyen

Koordinatar: 70°25′49″N 24°30′2″E

Skaidi (av nordsamisk skáidi «landet mellom to elvar som renn saman») er ein liten tettstad i Kvalsund kommune i Finnmark.[1] Skaidi er eit trafikknutepunkt i kommunen, då riksveg 94 til Hammerfest tek av her frå europaveg 6.

Rundt 1930 blei det vedteke at riksveg 50 (dagens europaveg 6) skulle byggjast ferdig gjennom fylket. Strekninga mellom Skaidi og Olderfjord stod ferdig mellom 1927 og 1937.

Under den andre verdskrigen låg fleire mindre leirar for russiske krigsfangar i området ved Skaidi.[2]

I 1947 oppførte den norske staten Skaidi skysstasjon og fjellstove. Stasjonen var teikna av arkitektane F.S. Platou og R. Mack, og er ein del av det statlege prosjektet Statens kulturhistoriske eiendommer.[3]

På slutten av 1900-talet vart det offentleggjort planar om utbygging av Skaidivassdraget. Om utbygginga vart blitt utført ville det ha ført til at eit større areal enn i Altautbygginga blei demt ned, dessutan ville fleire faste trekkvegar for reinsdyr ha blitt brotne. Reineigarane protesterte like sterkt som mot Altautbyggingen, men mediadekninga var mindre og naturvernarane engasjerte seg ikkje i spørsmålet om utbygging av Skaidivassdraget. Utbygginga blei likevel utsett.

Statens vegvesens vegtrafikksentral låg i Skaidi fram til han vart flytta til Mosjøen i 2003.

KjelderEndra

Referansar
  1. Jørn Sandnes og Ola Stemshaug (red.): Norsk stadnamnleksikon, 4. utgåva, Det Norske Samlaget, Oslo 1997, oppslagsord «Skáidi» s. 396
  2. Norgesdokumentasjon, intervju
  3. årsrapporten 2003, side 45, PDF-fil fra www.dep.no