Skaugumsåsen
ås i Asker kommune
Skaugumsåsen er ein ås i Asker kommune i Akershus fylke på 351 meter over havet, og med ei skardhøgd (primærfaktor, det vil seie høgda over terrenget ikring) på 140 meter. Åsen har namn etter garden Skaugum (som tyder Skogheim), ein gard som har røter i yngre jarnalder, som var ein sentral storgard i mellomalderen, og nå er mest kjend for å vere heim for det norske kronprinsparet.
Skaugumsåsen | |||
fjell | |||
Skaugumsåsen sett frå Indre Oslofjord ved Holmen i Asker kommune.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus | ||
Kommune | Asker kommune | ||
Høgd | 351 moh. | ||
Primærfaktor | 140 m | ||
Skaugumsåsen 59°51′40″N 10°26′36″E / 59.86111111°N 10.44333333°E | |||
Wikimedia Commons: Skaugumsåsen |
Bergartane i åsen er harde permiske lavaartar som ligg over lausare skifer, slik ein kan sjå i dei steile skrentane i åssida. I desse skrentane veks edellauvskog med hassel, ask, lønn, lind, alm, sølvasal og barlind, og dessutan finst misteltein. Store delar av åsen, både areal i åssidene og på åsplatået, er verna som naturreservat.
Kjelder
endre- Dons, Johannes A., Johan Fredrik Bockelie. 1996. Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser. Nesbru: Vett & Viten. ISBN 82-412-0102-8 (Boka har mellom anna framlegg til turar som gjev døme på geologisk interessante lokalitetar i området Skaugumsåsen – Semsvannet.)