Sølvasal

planteart
For andre artar som også er blitt kalla sølvasal, sjå bergasal og norsk asal

Sølvasal eller kvitasal (Sorbus aria) er eit tre i asalslekta i rosefamilien. Det kan bli 5 til 15 meter høgt. Blada er eggforma med sølvkvit underside.

Sølvasal
Sølvasal
Sølvasal
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sølvasal
Utbreiinga av sølvasal
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Eplefamilien Maloideae
Slekt: Asalslekta Sorbus
Art: Sølvasal S. aria
Vitskapleg namn
Sorbus aria

Sølvasal stammar frå Mellom- og Sør-Europa. Planten er blitt brukt som prydtre sidan 1700-talet, og finst forvilla i Noreg, i det minste nord til Trøndelag. Det er også mogleg at arten er komen til landet naturleg. Arten er rekna som nær truga i Noreg.

Treet utgjer saman med to nærskilde artar, bergasal og norsk asal, sølvasal-gruppa. Det finst fleire kultivarar av sølvasal, i tillegg til fleire hybridar danna med andre tre i asalslekta.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre