Skeise-VM 1971 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1971 for menn vart avvikla på Nya Ullevi i Göteborg helga 13. og 14. februar 1971. 34 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Ard Schenk under meisterskapen i Göteborg

Ard Schenk frå Nederland vart verdsmeister, etter å ha fått bestetid på dei tre lengste distansane. Dermed forsvarte han meistertittelen på suverent vis, framfor svenske Göran Claeson på andre- og sin eigen landsmann, Kees Verkerk, på tredjeplass. Dag Fornæss frå Noreg vann 500-meteren og vart fjerdemann samanlagt.

Skeise-VM 1971 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ard Schenk  Nederland 171,130
Sølv Göran Claeson  Sverige 173,368
Bronse Kees Verkerk  Nederland 174,958
4 Dag Fornæss  Noreg 175,707
5 Sten Stensen  Noreg 177,102
6 Jan Bols  Nederland 177,128
7 Eddy Verheijen  Nederland 177,762
8 Per Willy Guttormsen  Noreg 178,405
9 Aleksandr Tsjekuljajev  Sovjetunionen 178,745
10 Gerhard Zimmermann  Vest-Tyskland 179,193
11 Johnny Höglin  Sverige 179,360
12 Willy Olsen  Noreg 180,132

Dato: 13./14. februar 1971

Kjelder endre