Skeise-VM 1984 for menn
Verdsmeisterskapen på skeiser 1984 for menn vart avvikla på Ullevi i Göteborg helga 25. og 26. februar. 34 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.
Oleg Bozjev frå Sovjetunionen vart verdsmeister med god margin til Andreas Ehrig frå Aust-Tyskland. Nederlandske Hilbert van der Duim, som gjekk kvikkaste 500-meteren, vart tredjemann i meisterskapen. Vinnarane av dei hine enkeltdistansane vart Geir Karlstad frå Noreg på 5000 meter, verdsmeister Bozjev på 1500 m og austerrikaren Michael Hadschieff på 10000 m.
Skeise-VM 1984
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
![]() |
Oleg Bozjev | ![]() |
169,663 |
![]() |
Andreas Ehrig | ![]() |
170,283 |
![]() |
Hilbert van der Duim | ![]() |
170,678 |
4 | Rolf Falk-Larssen | ![]() |
170,729 |
5 | Michael Hadschieff | ![]() |
171,114 |
6 | Yep Kramer | ![]() |
171,366 |
7 | Frits Schalij | ![]() |
171,667 |
8 | Igor Malkov | ![]() |
172,213 |
9 | Pertti Niittylä | ![]() |
172,748 |
10 | Hans van Helden | ![]() |
172,899 |
11 | Geir Karlstad | ![]() |
173,175 |
Dato: 25./26. februar 1984
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschap schaatsen allround mannen 1984» frå Wikipedia på nederlandsk, den 27. november 2020.