Skeise-VM 1993 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1993 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 27. og sundag 28. februar i Ikaho i Japan. Meisterskapen var den 24. i sprint-firkamp. 63 utøvarar, 32 karar og 31 kvinner, deltok i meisterskapen.

Belarusiske Igor Zjelesovskij vann dei to 1000-meterane og vart verdsmeister for sjette og siste gong, Yasunori Miyabe frå Japan var bestemann på dei to 500-meterane. Ye Qiaobo frå Kina forsvarte verdsmeistertittelen på kvinnesida, ho sigra også på begge 500-meterane. Russiske Oksana Ravilova vann 1000-meteren på laurdag, Austerrikes Emese Hunyady på sundag.

Verdsmeisterskapen 1993 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Igor Zjelesovskij   Belarus 151,025
  Yasunori Miyabe   Japan 151,440
  Hiroyasu Shimizu   Japan 152,165
4 Aleksandr Golubev   Russland 152,180
5 Dan Jansen   USA 152,275
6 Yukinori Miyabe   Japan 152,980
7 Sean Ireland   Canada 153,010
8 Viktor Tsjupira   Russland 153,290
9 Liu Hongbo   Kina 153,620
10 Sergej Klevtsjenja   Russland 153,715
11 Manabu Horii   Japan
Gerard van Velde   Nederland 153,925
13 Mikhail Vostroknutov   Russland 153,985
14 Roger Strøm   Noreg 154,135
15 Grunde Njøs   Noreg 154,380

Dato: 27.-28. februar

Verdsmeisterskapen 1993 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Ye Qiaobo   Kina 165,925
  Bonnie Blair   USA 166,475
  Oksana Ravilova   Russland 167,355
4 Kyoko Shimazaki   Japan 167,455
5 Sabine Völker   Tyskland 167,665
6 Emese Hunyady   Austerrike 167,780
7 Shiho Kusunose   Japan 167,945
8 Yoo Seon-hee   Sør-Korea 168,295
9 Christine Aaftink   Nederland 168,580
10 Edel Therese Høiseth   Noreg 168,830
11 Chieko Yoda   Japan 168,880
12 Peggy Clasen   USA 169,215
13 Seiko Hashimoto   Japan 169,395
14 Monique Garbrecht   Tyskland 169,620
15 Anke Baier   Tyskland 169,750

Dato: 27.-28. februar

Kjelder

endre