Skeise-VM 1996 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1996 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 17. og sundag 18. februar i Heerenveen i Nederland. Meisterskapen var den 26. i sprint-firkamp. 69 utøvarar, 37 karar og 32 kvinner, deltok i meisterskapen.

Sergej Klevtsjenja frå Russland vart verdsmeister, han var også bestemann på dei to 1000-meterane. Andremann i meisterskapen, Hiroyasu Shimizu frå Japan, sigra på dei to 500-meterane. I kvinneklassa vann Chris Witty frå USA, framom norske Edel Therese Høiseth som overraska stort. Russiske Svetlana Zjurova vart nummer ein på 500-meteren om laurdagen, sundagen la kanadiske Catriona Le May beslag på fyrsteplassen på distansen.

Verdsmeisterskapen 1996 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Sergej Klevtsjenja   Russland 145,655
  Hiroyasu Shimizu   Japan 146,135
  Manabu Horii   Japan 147,300
4 Jegal Seung-ryeol   Sør-Korea 147,520
5 Sylvain Bouchard   Canada 147,720
6 Roger Strøm   Noreg 148,055
7 Yasunori Miyabe   Japan 148,115
8 Vadim Sjaksjakbajev   Sovjetunionen 148,175
9 Casey FitzRandolph   USA 148,490
10 Hiroaki Yamakage   Japan 148,895
11 Ådne Søndrål   Noreg 148,985
12 Matthias Pfeiffer   Tyskland 149,285

Dato: 17./18. februar

Verdsmeisterskapen 1996 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Chris Witty   USA 161,170
  Edel Therese Høiseth   Noreg 161,350
  Franziska Schenk   Tyskland 162,270
4 Oksana Ravilova   Russland 162,485
5 Annamarie Thomas   Nederland 162,615
6 Catriona LeMay   Canada 162,920
7 Tomomi Okazaki   Japan 162,970
8 Shiho Kusunose   Japan 163,070
9 Xue Ruihong   Kina 163,280
10 Becky Sundstrom   USA 163,550
11 Susan Auch   Canada 163,850
12 Christine Aaftink   Nederland
Cheon Hyi-ju   Sør-Korea 163,965
14 Kyoko Shimazaki   Japan 164,040

Dato: 17./18. februar

Kjelder

endre