Skeise-VM 1999 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 1999 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 20. og sundag 21. februar i Calgary i Canada. Meisterskapen var den 30. i sprint-firkamp. 62 utøvarar, 32 karar og 30 kvinner, deltok i meisterskapen.

Arrangørlandets Jeremy Wotherspoon vart verdsmeister for fyrste gong, og viste fjorårsvinnaren Jan Bos frå Nederland til andreplass. Wotherspoon var bestemann i begge løpa om laurdagen, Bos det same om sundagen. I kvinneklassa kneip tyske Monique Garbrecht meistertittelen, like framom fjorårsvinnar Catriona LeMay frå Canada. LeMay sigra på begge 500-meterane, medan Sabine Völker gjekk fortast av alle på den fyrste 1000-meteren og landskvinna Garbrecht i det andre 1000-meterløpet.

Verdsmeisterskapen 1999 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Jeremy Wotherspoon   Canada 138,310
  Jan Bos   Nederland 138,960
  Hiroyasu Shimizu   Japan 139,895
4 Jakko Jan Leuwangh   Nederland 140,270
5 Erben Wennemars   Nederland 140,325
6 Junichi Inoue   Japan 140,665
7 Mike Ireland   Canada 140,870
8 Janne Hänninen   Finland 141,040
9 Toshiyuki Kuroiwa   Japan 141,510
10 Casey FitzRandolph   USA 141,530
11 Tomasz Świst   Polen 141,800
12 Paweł Abratkiewicz   Polen
Patrick Bouchard   Canada 142,050
14 Grunde Njøs   Noreg 142,150

Dato: 20./21. februar

Verdsmeisterskapen 1999 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Monique Garbrecht   Tyskland 151,605
  Catriona LeMay   Canada 151,640
  Sabine Völker   Tyskland 151,860
4 Marianne Timmer   Nederland 152,495
5 Chris Witty   USA 152,905
6 Tomomi Okazaki   Japan 153,615
7 Aki Tonoike   Japan 154,060
8 Svetlana Zjurova   Russland 154,125
9 Andrea Nuyt   Nederland 154,365
10 Annamarie Thomas   Nederland 154,405
11 Eriko Sanmiya   Japan 154,695
12 Franziska Schenk   Tyskland 154,910

Dato: 20./21. februar

Kjelder

endre