Skeise-VM 2001 i firkamp
Verdsmeisterskapen på skeiser 2001 i firkamp vart avvikla i Budapest i Ungarn 10. og 11. februar. 24 kviner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen. Meisterskapen vart avvikla på ei utandørs skeisebane i byparken.
Nederlendaren Rintje Ritsma vart verdsmeister for fjerde gong og tyske Anni Friesinger for fyrste gong. Friesinger vann dei to kortaste distansane i kvinneklassa, Bart Veldkamp dei to lengste distansane for menn. Elles sigra tyske Christian Breuer på 500 meter, nederlendarane Ids Postma og Renate Groenewold på høvesvis 1500 m og 3 000 meter, samt tyske Claudia Pechstein på 5 000 meter.
Noregs einaste deltakar, Anne Therese Tveter, enda på 23. og sisteplass av dei som fullførte tevlinga.
Skeise-VM 2001
endreMenn
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Rintje Ritsma | Nederland | 158,731 | |
Ids Postma | Nederland | 159,476 | |
Bart Veldkamp | Belgia | 159,731 | |
4 | Keiji Shirahata | Japan | 160,754 |
5 | Dustin Molicki | Canada | 160,878 |
6 | Aleksandr Kibalko | Russland | 161,040 |
7 | Dmitrij Sjepel | Russland | 161,368 |
8 | Vadim Sajutin | Russland | 161,512 |
9 | Christian Breuer | Tyskland | 161,623 |
10 | Jochem Uytdehaage | Nederland | 162,549 |
Dato: 10.–11. februar
Kvinner
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
Anni Friesinger | Tyskland | 169,690 | |
Claudia Pechstein | Tyskland | 169,791 | |
Renate Groenewold | Nederland | 170,133 | |
4 | Cindy Klassen | Canada | 170,630 |
5 | Barbara de Loor | Nederland | 171,218 |
6 | Varvara Barysjeva | Russland | 172,692 |
7 | Maki Tabata | Japan | 173,187 |
8 | Tonny de Jong | Nederland | 173,386 |
9 | Jennifer Rodriguez | USA | 173,482 |
10 | Song Li | Kina | 174,799 |
Dato: 10.–11. februar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wereldkampioenschappen schaatsen allround 2001» frå Wikipedia på nederlandsk, den 31. desember 2023.