Skeise-VM 2003 i sprint-firkamp

Verdsmeisterskapen 2003 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 18. og sundag 19. januar i Calgary i Canada. Meisterskapen var den 34. i sprint-firkamp. 66 utøvarar, 38 karar og 28 kvinner, deltok i meisterskapen.

Canadas eigen Jeremy Wotherspoon gjekk fortast av alle på dei to 500-meterane og vart verdsmeister for i sprint fjerde gong. Erben Wennemars frå Nederland vann 1000 meter om laurdagen, Joey Cheek frå USA om sundagen. Tyske Monique Garbrecht vann alle fire distanseløpa i kvinneklassa, også ho vart sprint-verdsmeister for fjerde gong.

Verdsmeisterskapen 2003 i skeise-sprint/Menn

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Jeremy Wotherspoon   Canada 137,230
  Gerard van Velde   Nederland 137,830
  Erben Wennemars   Nederland 138,150
4 Joey Cheek   USA 138,230
5 Hiroyasu Shimizu   Japan 138,365
6 Lee Kyu-hyuk   Sør-Korea 139,085
7 Jan Bos   Nederland 139,215
8 Kip Carpenter   USA 139,415
9 Mike Ireland   Canada 139,525
10 Janne Hänninen   Finland 139,550
11 Beorn Nijenhuis   Nederland 139,750
12 Choi Jae-bong   Sør-Korea 140,540

Dato: 18./19. januar

Verdsmeisterskapen 2003 i skeise-sprint/Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Monique Garbrecht   Tyskland 150,225
  Cindy Klassen   Canada 151,925
  Shihomi Shinya   Japan 151,980
4 Wang Manli   Kina 151,985
5 Jennifer Rodriguez   USA 152,310
6 Anzjelika Kotjuga   Belarus 152,490
7 Catriona LeMay   Canada 152,780
8 Marianne Timmer   Nederland 152,985
9 Sayuri Osuga   Japan 153,105
10 Andrea Nuyt   Nederland 153,110
11 Pamela Zöllner   Tyskland 153,305
12 Becky Sundstrom   USA 153,505
13 Chris Witty   USA 153,945
14 Shannon Rempel   Canada 153,480
15 Aki Tonoike   Japan 153,710

Dato: 18./19. januar

Kjelder

endre