Opna hovudmenyen
Under bruene i Porsgrunn har Skiensvassdraget utløpet sitt til havet

Skienselva utgjer den nedste delen av Skiensvassdraget i Telemark. Elva startar i Skien by, ved den første slusa i Telemarkskanalen, og renn gjennom Porsgrunn før ho munnar ut i Frierfjorden ved Norsk Hydro sitt fabrikkanlegg.

Gjennom Porsgrunn kommune vert elva kalla Porsgrunnselva.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.