Skjeggflaggermus
Skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Vest-Europa nord til Sør-Noreg, aust til Uralfjella og sør til Middelhavet, med ein bestand også i Marokko. Ho lever i mange ulike landskapsområde, men er meir tilbøyeleg til å leva i hus enn i skogområde og er vanleg i parkar og hagar.[2] Ho er vanskeleg å skilja frå skogflaggermus, umogleg utan å fanga ho. Det er difor gjort relativt få sikre funn av arten i Noreg.[3] I Sverige og Danmark reknar ein med at skjeggflaggermusa er i sterk tilbakegang, men det er uvisst om dette også er tilfellet i Noreg.[1]
Skjeggflaggermus | |
Skjeggflaggermus | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av skjeggflaggermus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Flaggermus Chiroptera |
Familie: | Glattnasefamilien Vespertilionidae |
Slekt: | Myotis |
Art: | Skjeggflaggermus M. mystacinus |
Vitskapleg namn | |
Myotis mystacinus |
Raudlistevurdering
endreSeinare års registreringsarbeid på Vestlandet har vist at arten er vanlegare enn tidlegare antatt i denne landsdelen[4] Bestandsstorleiken er svært usikker, men blir antatt å omfatta meir enn 1000 reproduserande individ. Dei rike løvskogsliene på Vestlandet kan potensielt husa ein betydeleg bestand, men på Austlandet synest arten å vera meir fåtalig.
Det er viktig at tidsserien med underjordiske teljingar fortset og blir utvida til andre område. Det er vidare eit sterkt behov for etablering av overvakingsseriar som dekker artens yngleperiode.
Konklusjon: På grunn av det store utbreiingsområdet og ein antatt bestand på meir enn 1000 reproduserande individ, vurderer Artsdatabanken skjeggflaggermus (Myotis mystacinus) som livskraftig LC. Kunnskapsgrunnlaget for å vurdera rødlistestatus er likevel avgrensa, og det er sterkt ønskeleg med meir kunnskap om den reelle bestandsstatusen til arten i Noreg.[1]
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Skjeggflaggermus i Artsdatabanken. Besøkt 14. juli 2022.
- ↑ Coroiu, I. Myotis mystacinu. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T14134A22052250. Henta 22. juni 2022
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ Tore Christian Michaelsen pers. medd.