Skjenning er eit tradisjonelt festflatbrød frå Innheradsområdet.

Skjenning er baka av ein deig av potet, havremjøl, byggmjøl, rugmjøl, sukker, salt og vatn. Brødet vert blankt på overflata på grunn av ei mjøl- og sukkerblanding som vert smørt på under steikinga. Skjenning er tynt, sprøtt og har ein trekanta form.

Skjenning er omtalt frå 1800-talet. Det vert gjerne ete ved sida av det tradisjonelle soddet i gjestebod som barndåp, bryllaup og gravferd.

Beskytta produktnemning endre

Skjenning er verna produktnemning for skjenning baka etter gitte normer i Innherred som omfattar kommunane Levanger, Mosvik, Verran, Snåsa, Inderøy, Verdal og Steinkjer.

Kjelder endre