Innherad

område i Trøndelag

Innherad (bm. Innherred) er eit område i Nord-Trøndelag fylke. Uttaleforma Innherad i dag er litterær, namnet tyder opphavleg «dei indre herada». Preposisjonen er Innherad.

Kart over Nord-Trøndelag fylke, med kommunane innan Innherad utheva i raudt.

Området har ikkje nokon eigen administrasjon, men interkommunalt samarbeid finst og er under utvikling. Innherad har til saman 68 294 innbyggjarar (1. juli 2007) og 4 895 km², dersom ein legg til grunn at det er desse åtte kommunane som utgjer Innherad: Frosta, Levanger, Verdal, Inderøy, Steinkjer, Verran, Mosvik og Leksvik. Distriktet grensar til Stjørdalen, Fosen og Namdalen og i Sverige til Jämtland . Dei 3 byane i distriktet er Steinkjer, Levanger og Verdalsøra.

I kyrkjeleg samanheng vert distriktet delt inn i Sør-Innherad prosti for kommunane Levanger og Verdal, og Nord-Innherad prosti for kommunane Inderøy, Mosvik, Verran, Namdalseid (!), Steinkjer og Snåsa. Begge desse er underlagt Nidaros bispedømme i Den norske kyrkja. Judisielt høyrer Levanger og Verdal inn under Stjør- og Verdal tingrett, medan dei resterande kommunane utgjer domsrettsområdet til Inderøy tingrett, begge underlagt Frostating lagdømme.

Bakgrunnsstoff endre