Skjolden bensinstasjon
Skjolden bensinstasjon i Luster kommune i Vestland fylke er eit kulturminne frå nyare tid, men er likevel vedtaksfreda av Riksantikvaren.
Skjolden bensinstasjon | |||
| |||
Skjolden bensinstasjon fotografert 2004 Foto: Enrico Hell | |||
Kategori | Bensinstasjon | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Nedlagd bensinstasjon | ||
Opna | 1956 | ||
Tilknytt | Gamle Riksveg 55 | ||
Stad | Skjolden | ||
Kommune | Luster kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Nedlagd | 1970-åra | ||
Skjolden bensinstasjon 61°29′24″N 7°36′14″E / 61.4900408853°N 7.6039777216°E |
Bensinstasjonen var som type ein standardstasjon for British Petroleum (BP) og var teikna av arkitekt Fr. Theodor Olsen i Bergen. Stasjonen i Skjolden blei ført opp i 1956 ved hovudvegen gjennom strandstaden inst i Lustrafjorden. Tilsvarande type bensinstasjon blei førte opp mange stader på denne tida. Stasjonen blei fråflytta då vegen blei lagd om.[1]
Bensinstasjon i funkis
endreOljeselskapa la vekt på design, form og farge på bensinstajonar som del av merkevarebygginga si. På 1950-åra innførte det britiske oljeselskapet BP ein «new look» for stasjonane sine over heile verda med strenge krav om alt frå utforminga av bokstavar til fargeval på pumper og bygg. Det skulle vera tydeleg kva for eit selskap dei tilhøyrde.[2]
Det freda bygget på Skjolden bensinstasjon har sirkelforma grunnplan og er delt i to av ein raudmåla murvegg. Rommet føre rommar butikk og er i glas montert i metallprofilar. Bakre rom er i betong eller mur og inneheld bl.a. lager, tavlerom og toalett/WC. Taket er ei tilnærma egg-forma armert betongskive. Denne blir boren av to stålsøyler i forkant og av det sylindriske bygget i bakkant.
Bensinpumpene er plasserte på line med søylene, og blir skjerma av taket som stikk lenger fram. Stasjonen har ei original bensinpumpe, dei øvrige pumpene er truleg sette opp ein gong i 1970-åra og syner at BP-stasjonane blei overtekne av Norol. På taket over pumpene har det stått eit BP-skilt, som no er borte.
Bensinstasjonsbygget representerer ein historisk epoke som er kjenneteikna ved auka mobilitet, aukande privatbilisme og utbygging av ein infrastruktur som var tilpassa dette.[1]
Galleri
endre-
Fotografert i 2016. Foto: Bjørn Erik Pedersen
-
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Skjolden bensinstasjon, Bensinstasjon». www.kulturminnesok.no. Henta 20. september 2024.
- ↑ Bensinstasjonen – mye mer enn bensin - Riksantikvaren (på norsk bokmål), 30. juli 2020, henta 25. september 2024
- Denne artikkelen bygger på «Skjolden bensinstasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 25. september 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Skjolden bensinstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren