Skjor

art i kråkefamilien
Skjor
Skjor
Skjor
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av skjor
Utbreiinga av skjor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Kråkefamilien Corvidae
Slekt: Pica
Art: Skjor P. pica
Vitskapleg namn
Pica pica

Skjor (Pica pica) eller skate er ein stor fugl i kråkefamilien. Ho er standfugl i Europa, store delar av Asia og i Nordvest-Afrika, og er vanleg å sjå i Noreg.

SkildringEndra

Skjora er ein langstjerta fugl med eit karakteristisk mønster i svart og kvitt. Dei svarte fjørene har ein metallskinnande glans i blått, grønt og lilla. Ho kan også vere heilt kvit (albino), som vist på biletet under.

 
Sitjande skjor.
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Skjora trivst best i ope landskap, og ho lever i heile Noreg, heilt opp til bjørkebeltet. Ho er ein standfugl, det vil seie at ho er her heile året.

Skjora et altetar. Skjora drep sjeldan byttet sjølv, sidan ho er ein åtselfugl slik som slektningane sine, kråka og ramnen.

Skjora byggjer reir i tre, buskar, under husmøne osb. Alt etter om ho legg reiret høgt eller langt nede i eit tre, har frå gammalt av vore vermerke for resten av sommaren.[1][2] Ho legg 6-8 egg i april-mai. Rugetida er 17-19 dagar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra