Opna hovudmenyen
Kråke


Kråke (Foto: Marek Szczepanek)

Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Corvidae
Slekt: Corvus
Vitskapleg namn
Corvus cornix

Kråka er ein grå og svart fugl i kråkefamilien. Ho har tilhald i Noreg heile året, men ein finn henne sjeldan over tregrensa.

SkildringEndra

 
Kråke ved toppen av Løvstakken i Bergen.
Foto: Frode H. Korneliussen
 
Ungfuglar.

Kråka er om lag 50 cm. Ho er typisk grå og svart i karakteristisk mønster. Kråka er ein god del mindre enn ramnen og i motsetning til ramnen har kråka tverrskoren stjert. Når kråka er i flukt, har ho rolege vengeslag og er sjeldan i seglflukt. Kråkelyden er eit håst «kraa». Fuglen har ein varierande klang og styrke i røysta si.

LevevisEndra

Kråka er ein standfugl, men kan òg trekkja. Ho finst over heile Noreg. Mange av kråkene overvintrar langs kysten fordi det er lettare å finne mat der. Mange kråker trekkjer i oktober til Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, og Storbritannia. Dei vender attende i mars-april.

Mange har sett kråka på søppelplassar, men du finn henne i alle landskapstypar, oftast i kulturmark. Ho finst på fjellet opp til 1000 meter over havet. Etter Norsk Ringmerking-Atlas kan kråka bli over 16 år og 3 månader

MatEndra

Kråka et det meste ho kjem over. Ho et insekt, muslingar, frosk, smågnagarar, fuglar, fugleegg, åtsel, bær, korn og liknande.

HekkingEndra

Kråka har same make heile livet. Paret byggjer reiret sitt saman. Reiret byggjer dei i tre, buskar eller i ein fjellvegg, og dei held gjerne til på den same staden heile livet. Dei byggjer reiret av kvistar, jord og leire. Til å fòra reiret bruker dei fjør, dun, hår, tøystumpar, papirbitar eller liknande. Av og til blir reira brukte om igjen. Viss ein framand fugl legg egg i kråka sitt reir, behandlar kråka det som sitt eige i staden for å eta det.

Kråka legg 3–6 egg i april–juni. Hoa ruger på egga i 18–20 døgn. Egga er som oftast blågrøne med tettstilte grå og brune flekkar. Dei blir klekte etter om lag 31 døgn. Når fugleungane er klekte, hjelper både hoa og hannen med å mate dei. Dei blir som oftast mata med oppgulp.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Kråke