Skodje kyrkje er ei langkyrkje med korte krossarmar i tettstaden Skodje i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1860 og er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var F. Meinhardt og byggmeistrar var Gjert Lien og Elias Tonning frå Nordfjord.

Skodje kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Nordre Sunnmøre prosti
Sokn Skodje
Fellesråd Skodje
Type Langkyrkje
Arkitekt Meinhardt
Material Tre
Innvigd 1860
 - Endringar Påbygd i 1979
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Frå 1883
Sitjeplassar 350
Kart
Skodje kyrkje
62°30′21″N 6°41′49″E / 62.5058°N 6.697°E / 62.5058; 6.697
Wikimedia Commons: Skodje kirke

Kyrkja har 350 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Altertavla som står på alteret i kyrkja er frå 1883 og er ein kopi etter Adolph Tidemand. Ho viser Jesu oppstode. Tavla vart restaurert i 2007. Kyrkja har òg ei altertavle som er laga av Tavle-Jakob (Jacob Sørensen Giskegaard). Ho var laga til gamlekyrkja som vart bygd i 1750.

Tidlegare kyrkjer i Skodje endre

Den fyrste Skodje-kyrkja ein finn nemnd i skriftlege kjelder skal ha vore bygd i 1424. Ho vert omtala i Aslak Bolts jordebok frå kring 1433. Denne kyrkja var i 1750 komen i så dårleg stand at dei måtte byggje ny kyrkje i Skodje og rive den gamle. Kyrkja som vart bygd var i lafta tømmer. Ho vart erstatta med den noverande kyrkja i 1860.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre