Skodje kommune

kommune i Møre og Romsdal

Skodje (uttalt Skøye) er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa mot Haram kommune i nord, Ørskog kommune i aust og Ålesund kommune i vest. Over Storfjorden mot sør låg Sykkylven kommune. 1. januar 2020 vart Skodje ein del av nye Ålesund kommune.

Skodje kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Skodje
Areal 120 km²
 - land 111 km²
 - vatn km²
Målform nynorsk
Ordførar Dag Olav Tennfjord (H)
Kommunenr. 1529
Kart
Skodje
62°30′58″N 6°41′59″E / 62.516111111111°N 6.6997222222222°E / 62.516111111111; 6.6997222222222
Wikimedia Commons: Skodje (former municipality)
Nettstad: www.skodje.kommune.no

Geografi endre

 
Skodjebruene
Foto: Frode Inge Helland
 
Solnør gard i Skodje
Foto: Halvor Vreim/Riksantikvaren
 
Skodje kyrkje
Foto: Jarle Vines

Næringsliv endre

Kommunen har hovudsakleg jord- og skogbruk, men det er òg trevare- og møbelindustri og annan industri der, delvis flytta dit frå Ålesund. E39 og E136 går samanfallande gjennom kommunen. Skodje har ein ung aldersprofil; om lag 60 % av innbyggjarane er under 40 år.

Historikk endre

Skodje er både ein tidlegare og noverande sjølvstendig kommune.

  • Frå 1837 var Skodje ein del av Borgund formannskapsdistrikt, men blei etablert som eigen kommune ved frådeling i 1849. Den nyoppretta kommunen hadde 2 170 innbyggjarar.
  • Skodje og Vatne låg i 1589 under Borgund prestegjeld og blei eige prestegjeld frå 1. mai 1858 etter kongeleg resolusjon 12. januar 1858.
  • 1. januar 1902 blei Skodje delt og Vatne etablert som eigen kommune med 1 547 innbyggjarar. Skodje hadde 1 551 innbyggjarar etter delinga.
  • 1. januar 1916 blei ein del av Skodje med 14 innbyggjarar overført til Borgund kommune.
  • 1. januar 1965 blei Skodje slått saman med Stordal og Ørskog til den nye Ørskog kommune. Skodje hadde 2 047 innbyggjarar då han opphøyrde som eigen kommune.
  • 1. januar 1977 blei Ørskog kommune delt i tre: Skodje, Stordal og Ørskog kommunar. Då Skodje gjenoppstod som sjølvstendig kommune, var innbyggjartalet 2 634.
  • 19. april 2006 blei Kanal Skodje innvigd av ordføraren.
  • 27.april 2006 blei Skodje kommune internasjonal kommune. Voi kommune i Kenya er Skodje sin venskapskommune.
  • 27. september 2007 vart miljøgata gjennom Skodje sentrum opna.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for Skodje kommune frå 1902:

1.1.1902[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
1551a 1541a 1584 1561 1762 1781 2000 2930 3340 3533 3944

aDette talet omfattar eit område som var del av Skodje kommune fram til 1916, då det vart overført til gamle Borgund kommune. Dette området hadde då 14 innbyggjarar.

Tusenårsstad endre

Kommunen sin tusenårsstad er Tusenårsparken rundt Jentekolonien. Jentekolonien er ein gamal feriekoloni for jenter, som for inntil få år sidan ikkje blei tatt vare på. Skodje Lions starta ein dugnad for bygget, og det er no gjort om til eit hus for kultur og arrangement i kommunen.

Rundt bygningen er Tusenårsparken bygd opp. Her står det blant anna eit bronserelieff av krigshelten Herluf Nygaard. I «statsministerlunden» har blant andre både Kjell Magne Bondevik og Jens Stoltenberg planta kvart sitt tre. Her står òg venskapstreet som er planta av vennskapskommunen Voi i Kenya. I parken ligg òg det gamle kornlageret, som var utgangspunktet for det som seinare blei den lokale banken.

Kjende personar frå Skodje endre

Kjelder endre

  1. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Folkemengd i Skodje 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.