Skogsvågen

bygdesenter i Sund kommune
(Omdirigert frå Skogsvåg)

Koordinatar: 60°15′24.653″N 5°5′51.252″E

Skogsvågen er eit bygdesenter og ein tettstad i Øygarden kommune i Vestland med 568 innbyggjarar per 1. januar 2017. I Skogsvågen ligg kommunehuset, idrettshallen Sundhallen, barnehage og aldersheim, samt ein vidaregåande skule.

Skogsvågen
tettstad
Skogsskiftet.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden
Folketal 568 (2017)
Folketettleik 1 183 / km²
Postnummer 5382

Skogsvåg
60°15′ N 5°6′ E

Skogsvågen ligg 25 kilometer sjøveg sørvest for Bergen.

KvalfangstEndra

Kvalfangst i Skogsvågen har ein lang og unik historie. I “Årbok frå Skogsvåg 2008″ skriv Sverre Sangolt i kapitlet “Kvalvågen, ein arm av Skogsvåg”:

“Kvalvågen er ein sidearm av Skogsvågen, og truleg er det kvalfangsten som har gjort Skogsvåg vide kjent. I engelske og hollandske kart frå slutten av 1600-tallet kan ein sjå at “Scogges wag” er avmerka på vestsida av Sotra."

Kvalvågen startar i Stekasundet og går mot sør, den er 1250 meter lang og rundt 160 meter brei. Namnet kjem av at her har vore avliva kval i uminnelege tider, og den siste vart tatt måndag 20.juni 1960.”[1]

KjelderEndra

  1. «Kvalfestifal - Kval i våg!».