Skoroditt
kjemisk sambinding
Skoroditt er eit mineral som blir danna ved forvitring av arsenhaldige ertsar. Det er kjemisk eit jern(III)-arsenat, FeAsO4·2H2O. Mineralet er påvist frå Drag i Tysfjord og Blystadlia i Rælingen.
Skoroditt | |||
Skoroditt frå Gull Hill i Utah | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Arsenatmineral | ||
Kjemisk formel | FeAsO4·2H2O | ||
Strunz-klassifisering | 08.CD.10 | ||
Einingscelle | a = 8.937Å, b = 10.278Å, c = 9.996Å | ||
Identifikasjon | |||
Farge | grøn, blå-grøn, grå, gråaktig-grøn, blå, gul-brun, nesten fargelaus, fiolett | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Brot | undermuslig | ||
Mohs hardleiksskala | 3.5-4 | ||
Glans | Under-diamantaktig, glasaktig, harpiksaktig | ||
Strekfarge | grønaktig kvit | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Tettleik | Målt: 3.27 g/cm3 utrekna: 3.276 g/cm3 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) | ||
Pleokroisme | Svak | ||
2V-vinkel | Målt: 40° til 75° Utrekna: 46° til 80° | ||
Dispersjon (spreiing) | relativt kraftig r > v | ||
Kjelder | [1] |
Skoroditt vart oppdaga i Erzgebirge i Sachsen i Tyskland. Det har namn frå det greske Skorodion, «kvitlauksaktig». Når det vert varma opp luktar det kvitlauk.
Kjelder
endre- Skoroditt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/skoroditt.
- ↑ http://www.mindat.org/min-3595.html Mindat data