Skorpa kyrkje er i langkyrkje frå 1850 i Kvænangen kyrkjesokn i Den norske kyrkja. Kyrkja står aust på den no fråflytte øya Skorpa i Kvænangen kommune i Troms.

Skorpa kyrkje
kyrkje
Foto: Iver Schonhowd / Riksantikvaren
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Kvænangen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Nord-Troms
Sokn Kvænangen
Fellesråd Kvænangen
Type Langkyrkje
Arkitekt Ukjent
Material Tre
Innvigd 18. september 1850[1]
Klokker Ei, frå 1830[2]
Sitjeplassar 200
Kart
Skorpa kyrkje
69°55′52″ N 21°43′35″ E
Wikimedia Commons: Skorpa kirke

Skorpa kyrkje er ei tømra langkyrkje med om lag 200 sitjeplassar. Kyrkja har ståande kvitmåla bordkleding og er tekt med skifer.

Historie endre

Den første kyrkja på Skorpa vart kanskje bygd i misjonstida på 1700-talet, då Thomas von Westen starta arbeidet med misjon blant samane.

Den første kyrkja vi sikkert veit om, vart bygd i 1795 og vigsla av sokneprest Angell i 1806. Kyrkja fungerte som kapell under soknekyrkja på Skjervøy, og presten kom til kyrkja fire gonger i året.

Kyrkja som står på Skorpa i dag, vart vigsla av biskop Daniel Bremer Juell den 18.september 1850.

Fotnotar endre

  1. «Kirker/Kirkegård» på nettstaden til Den norske kyrkja i Kvænangen
  2. Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Skorpa kirke, Burfjord». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo Forlag. s. 119. ISBN 82-7527-022-7. 

Bakgrunnsstoff endre